Helgeturen: Ramslauksanking på Tyssøyna

Ramslauk – vestlandet sitt svar på kvitlauken – veks vilt fleire stadar i Hordaland. Tyssøyna er ein av stadane der du sjølv kan sanka dette velsmakande krydderet til bruk i supper og salatar.

Ramslauken veks i store felt i skuggefull lauvskog.
Ramslauken veks i store felt i skuggefull lauvskog.

Ramslauken trivest på skuggefulle, fuktige stadar med næringsrik jord, gjerne i steinete lauvskog. På Tyssøyna i Sund finst det eit stort felt like attmed vegen.

Gå på lukta
Ramslauken er ikkje vanskeleg å finna. Du kjenner det på lukta. Ei svak antyding av kvitløk varslar at du nærmar deg. I desse dagar er blomane i ferd med å springa ut, ei fryd for auga!

Krydder
Ramslauken vert gjerne samanlikna med kvitlauk. Lukta kan minna, men smaken er særeigen. Noko midt mellom vårlauk og kvitlauk.

Den stjerneforma blomen har ramslauken til felles med laukplantefamilien.
Den stjerneforma blomen har ramslauken til felles med laukplantefamilien.

Både blad, stengel og sjølve lauken kan nyttast i maten. Best smakar ramslauken tidleg om våren. Men pass deg, dei breie lansettforma blada liknar til forveksling på liljekonvall – vakre, men giftige. Lukta og den stjerneforma blomen etterlet likevel ingen tvil.

Blomstringa avslørar at vekstsesongen nærmar seg slutten.

Idyllisk perle
Tyssøyna ligg som ei idyllisk perle i fjorden mellom Kobbeleia og Raunefjorden. Landfast via bru til Bjorøy, tek det knappe halvtimen med bil frå Straume.

Kjem du køyrande, er det best å setja bilen frå seg på parkeringsplassen like over brua.

Smivågen
Sidan du no først er der: Føl vegen vidare til friluftsområdet Smivågen heilt sør på øya. For båtfolket er nok Smivågen langt betre kjent. Finst ikkje mange slike vikar tilgjengelege for allmenta i Bergensområdet.

Første småbåtane har alt innteke Smivågen på Tyssøyna.
Første småbåtane har alt innteke Smivågen på Tyssøyna denne sommaren.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s