Kreditorane krev 950 millionar i buet til Atlantic Offshore

Konkursbuet i Atlantic Offshore AS forhandlar med fleire interessentar om sal av fartøya på betre vilkår enn dei hovudaksjonærane i Øgreidfamilien overtok dei for like før konkursen.

Ocean Scout har lege i opplag i Sund i over eitt år. Her saman med søsterskipet Ocean Surf.
Ocean Scout har lege i opplag i Sund i over eitt år. Her saman med søsterskipet Ocean Surf.

I håp om å finna andre kjøparar til fartøya har bustyrar Stine Snertingdalen i Kvale Advokatfirma engasjert Arctic Securities, framkjem det av innberetningane til skiftesamlinga i Oslo 25. mai.

Frist for innmelding av krav i buet var 20. mai. Til då hadde kreditorane meldt inn krav på 733 millionar i morselskapet og 218 millionar i dotterselskapet Atlantic Offshore Delta AS.

Les: Kreditorane tapar 1/2 milliard

Overprisa
Ved siste årsskifte eigde Atlantic Offshore 19 fartøy: 15 beredskapfartøy og fem forsyningsskip. Totalt var det kring 650 tilsette i konsernet.

Anleggsmidlane i konsernet var verdsette til 2,3 milliardar, medan gjelda var på 2,27 milliardar kroner, ifølgje den ureviderte rekneskapen. Eigenkapitalen var på 238 millionar.

For kreditorane si rekning

Partnar Stine D. Snertingdalen i Kvale Advokatfirma er oppnemnd som styrar i buet til Atlantic Offshore AS. Foto: Kvale Advokatfirma.
Partnar Stine D. Snertingdalen i Kvale Advokatfirma er oppnemnd som styrar i buet til Atlantic Offshore AS. Foto: Kvale Advokatfirma.

Bustyret antek at eigenkapitalen var tapt alt ved årsskiftet, då den reelle verdien av fartøya var langt lågare enn den bokførte verdien.

Bankinnskot då konkursen vart opna var 15,4 millionar kroner.

Sal til hovudaksjonær
Inntil konkursen var Øgreidfamilien i Stavanger hovudaksjonærar i Atlantic Offshore, med 76 prosent av aksjane.

Like før konkursen 16. april selde Atlantic Offshore AS fleirtalet av fartøya, inkludert kontraktar, saman med bemanningsselskapa i Norge og Storbritannia for 19,4 millionar kroner. Kjøpar var hovudaksjonærane i Øgreidfamilien, gjennom det nyetablerte selskapet Aegopodium AS. Kjøparen overtok samstundes ein vesentleg del av gjelda i Atlantic Offshore AS.

Les: Sel unna verdiane i Atlantic Offshore

Kreditorane fekk frist på tre månadar til å koma opp med eit betre bod. Bustyret skal no vurdera korvidt denne handelen kan omgjerast.

Ikkje oppfylt forpliktelse
Hausten før konkursen hadde Knut Øgreid forplikta seg til å styrka eigenkapitalen i Atlantic Offshore med 10 millionar kroner. Øgreid hevdar at vilkåra for innbetaling ikkje vart oppfylt.

Korvidt denne forpliktinga framleis står ved lag, er ein av dei detaljane bustyret no skal undersøkja.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s