– Det er no forhandlingane byrjar

Samordninga av lønsnivået for tilsette innan helse og omsorg i Fjell, Sund og Øygarden vil verta ei stor utfordring for forhandlingsutvalet i innspurten fram mot 20. juni, fryktar Brith Ediassen (V) i Fjell.

Brith Ediassen (V) er spent på om lønsnivået innan helse og omsorg i ein nye kommune vil bidra til å styrkja rekrutteringsgrunnlaget.
Brith Ediassen (V) er spent på om lønsnivået innan helse og omsorg i ein nye kommune vil bidra til å styrkja rekrutteringsgrunnlaget, samanlikna med omkringliggjande kommunar.

Forhandlingane som førte fram til intensjonsavtalen om kommunesamanslåing mellom Fjell, Sund og Øygarden gjekk unna på rekordtid. I avtalen heiter det at ingen kommunlat tilsette skal mista jobben, og at ingen skal gå ned i løn, sjølv om einskilde kan koma til å oppleva at arbeidsoppgåvene vert endra.

Sjukepleiarar
– Det avtalen ikkje seier noko om, er dei til dels store skilnadane i lønsnivå for tilsvarande jobbar dei tre kommunane i mellom. Korleis har forhandlingsutvalet tenkt å løysa dette? spør Brith Ediassen (V) i Fjell.

Ediassen tok opp bemanningsituasjonen innan helse og omsorg i Fjell i ein interpellasjon i siste kommunestyret. Ho kjenner seg ikkje rolegare etter svaret frå ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).

Store lønsskilnadar
Det er særleg situasjonen for sjukepleiarane Venstre sin talsperson for helse og omsorg har i tankane.

Ediassen har henta informasjon om lønsnivået for sjukepleiarane i dei tre kommunane. Her framkjem det at Fjell har eit lågare lønsnivå enn nabokommunane: Medan ein nyutdanna sjukepleiar i Fjell startar på lønstrinn 0, som tilsvarar ei årsløn på 373.700 kroner, får nyutdanna i Sund tilbod om ei byrjarløn tilsvarande ti års ansennitet, eller 426.400 kroner.

Ifølgje dei tillitsvalde er også leialønene i Fjell lågare enn i nabokommunane, hevdar Ediassen.

Uakseptabelt
Den nye kommunen vil konkurrera også med Bergen og Askøy om rekruttering av sjukepleiarar. Slik det er i dag, vil ein sjukepleiar i Bergen, med ti års ansennitet, få 10.000 kroner meir i løn enn i Fjell, bekrefta ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som svar på interpellasjonen.

– I ein ny kommune kan vi ikkje akseptera lønsskilnadar for same jobb, føresett at dei tilsette har same kompetanse og ansennitet, seier Ediassen.

Sjef i eige liv
Fjell slit med rekrutteringa til helse og omsorg, sjølv om heimetenesta har fått fleire stillingar siste åra. Særleg har det vist seg vanskeleg å rekruttera sjukepleiarar. Ediassen meinar dei store lønsskilnadane utgjer ein vesentleg del av forklaringa.

Ordninga Sjef i eige liv i Fjell kom i stand dels som eit resultat av samhandlingsforma. Her vert det lagt opp til at sterkt pleietrengjande pasientar skal få omsorg i heimen. Få tilsette gjer at pasientane får klara seg med korte besøk frå pleie- og omsorgstenesta.

30 pasientar på seks timar
Ferske tal for kor mange pasientar ein tilsett må innom i løpet av ei vakt finst ikkje. Det vert hevda at tilsette, i alle fall i ein periode nokre år tilbake, på det travlaste var innom meir enn 30 pasientar i løpet av ei vakt på seks timar.

– Helse og omsorg i Fjell har rekordhøgt sjukefråver, inntil 15 – 16 prosent, hevdar Ediassen.

Avventande
Ho er spent på kva lønsnivå ein ny kommune vil landa på, og korvidt lønsnivået vil bidra til å styrka rekrutteringsgrunnlaget til helse- og omsorgstenestene i den nye kommunen.

– Det er no forhandlingane om den nye kommunen byrjar, hevdar Ediassen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s