Gjestekommentar: Difor bør vi driva landbruk i Fjell! Svar til debatten i kommunestyret

Det ligg mykje samfunnsnytte i landbruket i Fjell, som alle nyte godt av.

Av Terje Strandtun, leiar Sotra sau og geit

skeptisk til bønder?Kvifor skal vi ha landbruk i Fjell kommune? Dei få som driv jorda si her ute er jo berre i vegen for dei andre som vil driva med utvikling og samfunnsnyttige ting som husbygging. Det er berre å leggja ned alt og leggja asfalt og betong over det heile.

Er det slik ein skal tolka nokre av dei som er folkevalde i kommunen?

Det er klart at det ikkje er mange i Fjell som kan leva av landbruket åleina, men skal det difor vera slik at om ein har iver og stor lyst til å halda jorda i hevd, kanskje utvikla andre tiltak på garden (inn på tunet), eller som berre er bonde i sjela og ivrer for det som i mange generasjoner har vorte drive på heimplassen. Så skal det ikkje vera rom for dette?

På ville vegar
Då tenkjer eg at vi er på ville vegar. Utfordringa til den enkelte bonde som vil halda garden i hevd, stor eller liten, er at den vert vanskeligare etter kvart å halda på.

Nye byggefelt, vegar og gjedna ein parkeringsplass stel litt om litt delar, om ikkje heile grunnlaget for mange som fortsatt er so toskne at dei driv landbruk i Fjell.

Då vert småbrukaren ei plaga for samfunnet. Ein som ikkje vil gje i frå seg det vesle han/ho har til samfunnets nytte. Det verste er at det produserast mat her og. Er det noko vi treng?

Alt kan kjøpast i butikken, det er der maten kjem i frå.

Det vert for dumt om det ikkje og i framtida skal kunna drivast eit lite småbruk eller ti her i kommunen. Den som ivrer for bondeyrket, har lyst å driva sitt bruk. Må få lov til dette og i framtida. Det ligg mykje samfunnsnytte i landbruket i Fjell og, som alle nyte godt av. Vi får ta det som eit plus at det produserast mat her, i tillegg til eit flott naturlandskap, som mange nyttar i fritida. Dette hadde ikkje vore her utan beitedyr i området.

Tenk alternative løysingar
Så i staden for å setja kjeppar i hjula til bøndene, så bør politikarane heller støtta opp under dei, slik at det og i framtida kan drivast landbruk i Fjell kommune. Tenkja alternative løysingar og ikkje berre dura fram som bulldosarar og ta vekk den vesle matjorda som er att her i kommunen. Samstundes lyt ein og sjå på dei omkringliggjande tilhøvene som og må takast omsyn til for at bøndene skal ha levelige kår.

Fiskarbonden, som dei fleste Fjellsokninga stammar i frå, hadde vel snudd seg i grava om han hadde sett korleis etterkomarane har utradert det som var grunnlaget for ein kunne livberga seg på knattane her ute i havgapet.

Eit Uljeeventyr som Johannes Kleppevik sang om, har gjort Fjellsokningen uavhengig av dei gamle primære næringane som ein var avhengig av for å leva her ute i hundrevis av år. Uljeeventyret har knapt vart i 50 år i Noreg.
Kva no når det uljeeventyret går mot slutten, kva skal Fjellsokningen leva av?

Fiskarbonden
Ein kjem vel aldri attende til fiskarbonden, men kanskje ein ikkje skal tenkja alt for snevert likavel. Det er kanskje ein ide å taka vare på den matjorda vi har att. Du skal ikkje sjå vekk i frå at det kan koma tider etter denne som gjer at det blir naudsynt å dyrka litt meir mat her. Det er kanskje å vera vel pessimistisk, men kanskje likavel realistisk om den enkelte går litt i seg sjølv og ser inn i framtidsglaskula.

Det som er sikkert, er at den jorda som vert vekke, ikkje kjem att.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s