Varaordførar gjer opprør mot kommunalt hemmelegheitskremmeri

Varaordførar Bård Espelid og resten av Askøylista kravde lovlegheitskontroll då formannskapet i Askøy i aprilmøtet fekk på bordet to saker på ”raudt papir”. No gjer rådmann full retrett – i ei av sakene. Den andre saka har Askøylista fått formannskapet med seg på klaga inn til fylkesmannen.

Askøylista ønskjer ikkje ein praksis der det skal vera einkelt å halda heile saker unna offentlegheita dersom det berre er einskilddetaljar som bør hemmeleghaldast, ifølgje Espelid. - Utstrakt bruk av hemmeleghald er ein trussel mot demokratiet
– Utstrakt bruk av hemmeleghald er ein trussel mot demokratiet. Askøylista ønskjer ikkje ein praksis der det skal vera einkelt å halda heile saker unna offentlegheita dersom det berre er einskilddetaljar som bør hemmeleghaldast, grunngjev varaordførar Bård Espelid kravet om lovlegheitskontroll.

(Saka er redigert)
Tunnelsyn vart sendt på gangen då formannskapet i Askøy i aprilmøtet skulle diskutera saken om leigeavtalen i Energigården og framtidig utbygging på Mjølkevikvarden.

Ikkje berre vart media sett på gangen. Også store delar av debatten om korvidt sakene burde lukkast for allmenta eller ikkje, føregjekk bak stengde dører.

Askølista kravde lovlegheitskontroll av begge sakene. I dag kom dei opp til ny behandling.

Raudt papir
At ei politisk sak vert lagt fram på raudt papir inneber at saka i sin heilhet er unnateke offentlegheit.

I slike saker er det ikkje berre media som ikkje får innsyn. Politikarane som sit i utvalet har heller ikkje lov til å diskutera saka med partimedlemmar eller andre som kunne ha fungert som rådgjevar.

Forretningsmessige tilhøve
Grunngjevinga for å stengja dørene også for den prinsippielle debatten i siste møtet, var at sakspapira innehaldt informasjon om forretningsmessige tilhøve som lokale næringsaktørar ikkje ønska skulle verta offentleg kjende.

– Det vil ikkje vera mogeleg å diskutera stengde dører utan å måtta gå inn på dei forretningskritiske detaljane i saka, innvende Elsa Benjaminsen (Ap).

I første runde var det fire av dei 11 representantane i formannskapet stemte mot at diskusjonen om lukking skulle skje bak stengde dører.

Demokratisk vanskeleg
– Vi kjem i ein demokratisk vanskeleg situasjon, dersom folkevalde ikkje har høve til å drøfta einskildsaker med gruppa, innvende Rafael Cobo Garrido (SV) under debatten i formannskapet.

Fleirtalet i formannskapet var likevel samde om at saka om leigetilhøvet i Energigården ikkje var godt nok utgreidd. Dei folkevalde sende saka i retur til administrasjonen, med melding om at dei ville ha eit betre saksgrunnlag.

Lovlegheitskontroll
Askøylista kravde lovlegheitskontroll i begge sakene. I saka om Energigården fekk dei støtte av FrP og Høgre.

– Open og etterprøvbar sakshandsamingar er viktig for Askøylista, seier varaordførar Bård Espelid.

– Berre einskildtopplysingar i sakspapira bør være taushetsbelagte. Resten av sakspapira kan fint vært offentlig, utdjupar Espelid.

Grensesetjing
I etterkant ville Espelid ha ein diskusjon om kvar grensa bør gå for å ta saker unna offentlegheita. Askøylista ønskjer ikkje ein praksis der det skal vera einkelt å halda heile saker unna offentlegheita dersom det berre er einskilddetaljar som bør hemmeleghaldast, ifølgje Espelid.

– Utstrakt bruk av hemmeleghald er ein trussel mot demokratiet, legg varaordføraren til.

Rådmannsretrett

Gjer retrett. Rådmann Eystein Venneslan ser at saka kunne ha vore skriven på ein annan måte.
Gjer retrett. Rådmann Eystein Venneslan ser at saka kunne ha vore skriven på ein annan måte.

No gjer rådmann Eystein Vennesland full retrett – i den eine saka:
– Etter ein ny gjennomgang av saka og grunnlaget for å halda saka unnteken frå offentlegheit, ser rådmannen at saka kunne ha vore skriven på ein anna måte, og at meiroffentlegheit kunne vore praktisert betre.

Fakta og vurderinga av leigetilhøvet kunne ha vore omtalt i saksframlegget, medgjev Vennesland. Sjølve leigeavtalen og eit notat om dei forretningskritiske detaljane kunne ha følgt saka som vedlegg. I så fall er det berre vedlegga som vert unnateke frå offentlegheita.

Får ny sak
-Saka som lovlegheitskontrollen er retta mot, vil ikkje verta lagt fram på nytt i sin opprinnelege form. Den nye saka vil verta presentert etter prinsippet om meiroffentleghet, skriv rådmannen.

Ber om fylkesmannen si vurdering
I saka om Mjølkevikvarden si framtid fekk Askøylista i dagens møte gjennomslag for at fylkesmannen bør ha siste ordet i diskusjonen om korvidt administrasjonen sitt krav om hemmeleghald har heimel i lova.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s