Omstridd samfunnsbyggjar fylte 60

Det vanka lovord og blomar frå posisjonen og kake frå administrasjonen då formannskapet i Askøy markerte 60-årsdagen til Roald Steinseide.

- Vi er ikkje alltid eininge, men du maktar skilja politikk og person, helsa fungerande ordførar Bård Espelid i helsingstala til Roald Steinseide (FrP).
– Vi er ikkje alltid eininge, men du maktar skilja politikk og person, helsa fungerande ordførar Bård Espelid i helsingstala til Roald Steinseide (FrP).

FrP-nestoren er inne i sin femte periode i lokalpolitikken, og kan sjå tilbake på ei rekkje ulike posisjonar. I Askøy var han varaordførar i forrige periode. I Hordaland fylkeskommune har han vore leiar for opplæringsutvalet og i det private næringslivet er han framleis både sjef og styreleiar.

Googlar du Steinseide får du opp både ros og ris. Han har også fronta opprør mot sine eigne. I dag var det berre lovord å høyra.

– Du har vore ein samfunnsbyggjar, rosa fungerande ordførar Bård Espelid i helsingtala før blomeoverrekkinga i formannskapet i dag.

-Vi er ikkje alltid einige, men du maktar skilja politikk og person. Det er alltid hyggeleg å treffa deg i private samanhangar, la Espelid til.

-Eg sat i formannskapet då er fyllte 50, og eg er her framleis. Eg lovar eg ikkje skal vera her når eg fyller 70, kvitterte jubilanten som hadde dag 4. mai.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.