Kaikanten og nærleiken til sjø skal prega morgondagens Kleppestø

Det vert plass til både kulturhus og kollektivterminal på Kleppestø-kaien. Planen for eit konsentrert Kleppestø sentrum med 680 nye bustadar og eit dobbelt så stort kjøpesenter, er klar for politisk behandling.

Utkastet til ny områdereguleringsplan for Kleppestø legg opp til ei konsentrert sentrumsutbygging. Sentrale landsskapstrekk skal takast vare på.
Utkastet til ny områdereguleringsplan for Kleppestø legg opp til ei konsentrert sentrumsutbygging. Sentrale landsskapstrekk skal takast vare på. Kaiområdet skal stå sentralt i vidareutviklinga av snøggbåten som kollektivt transortmiddel.

Etter plansmia sist haust har asketappane moderert planane om by på Kleppestø.

Eksisterande landskapsformasjonar, som Maltvikaneset, skal takast vare på. Sentrum skal vera konsentret, med ei middels utnyttingsgrad. Med byggjehøgder frå tre til sju etasjar, vil det vera råd å få plass til 680 bustadar, med eit samla areal på 130.000 kvadratmeter.

No føreligg utkastet til den nye områdereguleringsplanen, klart til første gangs politisk behandling.

Les: Må laga ny plan for Kleppestø
Les: Kleppestø – landsby, småby eller by

Maritimt kaiområde
Kaiområdet skal setjast av til offentlege føremål, som kulturhus. KDet vert og lagt opp til at kaiområdet skal få eit maritimt preg, med ny kollektivterminal for snøggbåten og gjestehavn.

Innfartsparkering for dei som ønskjer å reisa med snøggbåten skal skje i tilknyting til kollektivterminalen, i staden for i eit eige parkeringshus. Parkeringshus i Løfjellet vil det også verta.

Tunnel som rekkjefølgjekrav

Utkastet til områderegulering for framtidige Kleppestø sentrum.
Utkastet til områderegulering for framtidige Kleppestø sentrum.

Mange har vore skeptisk til den forventa trafikkmengda gjennom senterområdet. Utfordringa med trafikksikring vert løyst ved å leggja gjennomgangstrafikken i tunnel utanom sjølve Kleppestø sentrum. Tunnelen skal stå ferdig når 85.000 kvadratmeter er bygd ut, ifølgje forslaget til rekkefølgjekrav.

Kleppestø senter
Sentralt i planen står ei utviding av Kleppestø senter med 42.000 kvadratmeter, i inntil sju etasjar, fordelt på handel, kontor, bustadar og parkering. Ferdig utbygd vil senteret ha ei golvflate på 70.000 kvadratmeter.

Senterområdet skal få krav om eigen detaljregulering. Sentereigarane skal dermed kunna gå i gang med planlegginga straks politikarane vert samde om områdereguleringsplanen.

Stram timeplan
Venneslan legg opp til ein stram timeplan, med endeleg vedtak i kommunestyret alt i desember dette året.

Neste vår skal dei ha forhandla fram ein avtale med ein eller fleire utbyggjarar – budsjettet legg opp til inntekter på 200 millionar kroner frå sal av kommunale sentrumstomtar. Utnyttingsgraden i senterområdet er lagt opp med tanke på å nå budsjettmålet.

Les: Vil la økonomien styre utbygginga i Kleppestø

Miljøbåt
Utbygginga av kollektivterminalen, kaianlegg til snøggbåten og parkeringshus skal starta alt neste år. Det nye kaianlegget skal stå klart til å ta mot battreridriven miljøbåt 1. januar 2019.

Byggjetrinn 2, med bustadar, skal ta til i 2018.

-Det er grunn til å anta at det vert ein lang utbyggingsperiode, med mange fasar, skriv rådmann Eystein Venneslan i innstillinga til utval for Teknikk og miljø neste veke.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s