Alle gode ting er tre

Risikovillige investorar med brennheit tru på rekyl i marknaden for offshore-fartøy har i dag siste sjanse til å gjera ei kule i obligasjonslånet til Atlantic Offshore AS på Oslo Børs.

Når dagen i dag er omme, vert obligasjonslånet i konkursbuet Atlantic Offshore teken av notering på Oslo Børs.

Les: Kreditorane krev 950 millionar frå buet i Atlantic Offshore

Siste handel i obligasjonen skjedde 13. april, til ein kurs på 1,45. Høgaste kursen siste tre åra var sommaren 2014, med 106 kroner og 50 øre. Så seint som i juni i fjor låg kursen like under 75 kroner.

Tredje forsøk
Atlantic Offshore er Sotrastrilen sitt tredje forsøk på Oslo Børs. Plassert midt i oljebeltet langs Vestlandskysten har Sotrastrilen både forretningsteft og visjonar. Flinke folk har vi og.

Først ut og tyngst inn gjekk oljeserviceverksemda AGR sommaren 2006. Med Sverre Skogen som konsernsjef fusjonerte fire større og ei rekkje mindre selskap til ein stor, slagkraftig aktør, verdsatt til over milliarden på OBX-lista.

Første oljeeventyret varte ut 2014. Nyttårsafta var det slutt. Petroleumsverksemda var for lengst skild ut og seld. Det private oppkjøpsselskapet Silverfleet Capital med base i London hadde kjøpt restane av verksemda og flytta det norske hovudkontoret til Oslo.

Kompetanseoverføring

Ability Drilling ville erobra marknaden med landbaserte riggar som skulle erstatta dei tradisjonelle nikkepumpene, som denne i Aserbajdsjan.
Ability Drilling ville erobra marknaden med landbaserte riggar som skulle erstatta dei tradisjonelle nikkepumpene, som denne i Aserbajdsjan.

Hausten året etter (2007) tok AGR-gründer Geir Nordahl-Pedersen Ability Drilling til notering på Oslo Axess. No skulle offshorekompetansen overførast til flyttbare landbaserte boreriggar.

Dei 84 bestilte landriggane vart aldri levert. I desember 2014, fem år etter konkursopninga – måtte kreditorane innsjå at det samla tapet nærma seg 700 millionar. Gründaren sjølv måtte innsjå at mesteparten av millongevinsten frå salet av AGR gjekk med i dragsuget.

Gjennomføringsevne
Er Sotrastrilen berre uheldig, eller overgår ambisjonane gjennomføringsevna?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s