Eigedomssalet til Isbjørn Is skal vurderast eksternt

Det skal gjerast ei ekstern juridisk vurdering av Askøy kommune sitt eigedomssal til Isbjørn IS AS. Varslaren Jann Atle Jensen (Demokratane) er likevel ikkje nøgd med handteringa i formannskapet.

Askøy kommune selde tidlegare i år dette fryselageret til Isbjørn Is As for 510.000 kroner.
Askøy kommune selde tidlegare i år dette fryselageret i Slettebrekka Industriområde til Isbjørn Is AS for 510.000 kroner.

Det var i kommunestyret sitt aprilmøte at Jann Atle Jensen i ein interpellasjon tok opp kommunen sitt sal av eit fryselager til den lokale iskremprodusenten. Politikaren meinar salet må gjerast om, avdi det er gjennomført på feil grunnlag.

Les: Krev kommunalt eigedomshandel kjend ugyldig

Snakka ned alvoret
Alvoret i påstandane frå Jensen vart snakka ned under debatten i formannskapet i går.

– Vi må setja eit klart mandat på kva som skal granskast, og ein dato når granskinga skal vera ferdig, sa fungerande ordførar Bård Espelid (AL).

I dette tilfellet har det blitt overført store verdiar til eit privat eigedomsselskap. Verdiar som eigedomsselskapet raskt kan realisera med stor gevinst, meinte Espelid.

Les: – Eigedomshandel var ulovleg næringsstøtte

Mange spørsmål
Varaordføraren ville granska om kommunen sine interesser har vore godt nok ivaretake i salsprosessen.

Espelid brann inne med mange spørsmål. Han ville dessutan ha svar på om handelen er i strid med regelverket for offentleg næringsstøtte, om kommunen sitt delegasjonsreglement er fulgt, og om handelen skjedde i samsvar med krav om transparent og ansvarleg forvaltning.

Arbeidarpartiet
Elsa Benjaminsen (Ap) såg dette som ei vanskeleg sak, med mange detaljar. Samstundes var det viktig å få svar på kva som har skjedd. Arbeidarpartiet støtta difor innleiingsvis forslaget om gransking.

Vurdering – ikkje gransking
-Vi bør få ei juridisk vurdering av eigedomshandelen. Om vi seier vi skal granska noko, då seier vi samstundes at det her er nokon som har gjort noko gale. Dette er også ein kritikk mot ordføraren. Her må vi difor gå gradvis fram. Først må vi finna ut om det er gjort noko gale. Om vurderinga konkluderer med at det har skjedd noko gale, først då vert det aktuelt med gransking, hevda Roald Steinseide (FrP).

Siv Høgtun (H) var samd med Steinseide om at ein først må sørgja for å få meir ”kjøt” på saka.

Les: Forsvarar Isbjørn IS salet

Partilojaliteten vann
-Om eg var ordførarar, ville eg ha vore alvorleg bekymra om mitt eige parti gjekk fram slik, sa den tidlegare ordføraren.

Høgrerepresentanten sin appell til partilojaliteten i Arbeidarpartiet verka. Etter to gruppemøte valde dei fire representantane frå Arbeidarpartiet å gå for Steinseide sitt forslag om å be om ei ekstern vurdering.

Berre Bård Espelid stemte for å få gjennomført ei ekstern gransking, med konkrete spørsmål som formannskapet ville ha svar på.

Går vidare

 Jann Atle Jensen og (Demokratane) vil forfølgja Askøy kommune sin eigedomshandel uavhengig av kva tiltak kommunen iverkset.
Jann Atle Jensen varslar at han og Demokratane vil forfølgja Askøy kommune sin eigedomshandel, uavhengig av kva tiltak kommunen iverkset.

– Vedtaket i formannskapet er som venta, seier Jann Atle Jensen i ein epost til Tunnelsyn.

Demokraten-representanten fryktar dette er taktikk for å trekkja ut saka og leggja ho død.

– No vil vi gå vidare med saka, uavhengig av kva som skjer i kommunen. Kva vi vil gjera, vil verta avgjort i nær framtid, varslar Jensen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.