Sa nei til fire felt mellom Kolltveit og Ågotnes

Det får halda med to felt og rundkøyringar på nye Fv 561 mellom Kolltveit og Ågotnes, meinar politikarane i fylkesutvalet for miljø og samferdsel. Reguleringsplanen må derimot setja av areal som tek høgde for ei eventuell framtidig oppgradering.

Nøkkelen til innsparinga på 300 millionar ligg i å droppa midtdelaren, ifølgje fylkesdirektør for samferdsle Håkon Rasmussen i Hordaland fylkeskommune.
Nøkkelen til innsparinga på 300 millionar ligg i å droppa midtdelaren, ifølgje fylkesdirektør for samferdsle Håkon Rasmussen i Hordaland fylkeskommune.

Den etterlengta nye fylkesvegen mellom Kolltveit og Ågnotes skal avløysa dagens svært trafikkerte Fv 561 som kronglar seg mellom husa på Morlandstø, Knappskog, Spjeld og Ågotnes. Vegen vert ei direkte forlengjing av det nye Sotrasambandet og kjem til å utgjera ein viktig del av nord – sør-aksen frå Øygarden til Sund gjennom Fjell.

Spara 300 millionar
Trafikkmengda tilseier at vegen vert bygd som firefelts veg med toplans kryss på Ågotnes, ifølgje vegnormalen til Statens vegvesen.

Men Hordaland fylkeskommune som vert byggherre ønskjer å spara pengar. Vert vegen i staden bygd som tofelts veg utan midtdelar og forbikøyringsfelt, vil fylkeskommunen kunna spara 300 millionar kroner, har fylkesrådmann Rune Haugsdal og fylkesdirektør for samferdsel Håkon Rasmussen rekna ut.

Fråvik frå vegnormalen
I dagens møte for utval for miljø og samferdsle gav politikarane fylkesdirektøren samrøystes tilslutnad til å søkja om fråvik frå gjeldande vegnormal for å byggja ein tofelts veg utan midtdelar og forbikøyringsfelt.

Innsparinga ligg i å droppa midtdelaren. Då unngår ein behov for å opparbeida eigne forbikøyringsfelt, noko som ville vorte nesten like kostbart som ein firefelts veg, forklarte fylkesdirektøren på spørsmål frå Geir Angeltveit (V).

Regulera fire felt
Både Roald Kvamme (Ap) og Stein Inge Ryssdal (H) var blitt kontakta av partifeller i Fjell som inderleg ønskjer seg fire-felts veg.

Vedtaket i utvalet var i så måte eit kompromiss. Usikkerheten i trafikkprognosene gjer at fylkespolitikarane ser at det kan vera behov for å setja av areal til ei eventuell framtidig utviding til fire felt, i følgje utvalsleiar Nils T. Bjørke (Sp).

Å sikra areal til ei framtidig utviding kan berre gjerast gjennom å laga ein reguleringsplan med fire felt, sjølv om berre to av felta vil verta bygde i denne omgongen, kom utvalet fram til.

– På denne måten sikrar vi areal til ei framtidig utviding, utan å ha låst oss, sa Bjørke.

Kopla mot Sotrasambandet
Marthe Hammer (SV) tykte det var bra å utfordra vegnormalen.

Sidan det etter alt å døme ikkje ser ut til å verta regulert eit eige kollektivfelt på det nye Sotrasambandet mellom Kolltveit og Bergen, hadde SV-representanten kome til å stemma mot å byggja ein firefelts veg frå Kolltveit og vidare nordover.

Trafikkprognoser
Trafikkprognosene som Helge Hopen har utarbeida sprikjer stort når det gjeld framtidig trafikkmengde.

Med full utbygging av senterområdet på Ågotnes, og full aktivitet på Coast Center Base med ny hamneterminal for Bergensområdet, kan den daglege trafikkmengda koma til å nærma seg 20.000 bilar. Stagnerer utviklinga, kan den daglege trafikkmengda koma til å utgjera berre knappe 12.000 bilar.

Storparten av lokaltrafikken kjem uansett til å nytta dagens veg, ifølgje Hopen.

Det er fylkesutvalet som har siste ordet i saka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s