Tek 20 millionar i utbyte i kriseår

Over 100 personar har mista jobben ved Coast Center Base AS siste året. Inntektsmessig var fjoråret verste året offshorebasen på Ågotnes har opplevd i dette tiåret. Eigarane sikra seg likevel 20 millionar kroner i utbyte.

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS auka løna med 370.000 ifjor.
Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen ved CCB AS auka løna med 370.000 ifjor.

Sotrasamfunnet har teke signala. Nyhenda frå hjørnesteinsverksemd Coast Center Base AS på Ågotnes siste året har vore prega av oppseiingar, redusert aktivitet og omstilling som følgje av den låge oljeprisen.

Rekneskapen for Coast Center Base AS 2015 er lite oppmuntrande lesestoff for dei som er opptekne av varige arbeidsplassar i lokalsamfunnet. Tala viser at offshorebasen på Ågotnes i fjor opplevde sitt verste år i dette tiåret.

Les: Sjef for skiftande tider

Inntektstap på 406 millionar
Konsernet sine samla driftsinntekter enda på 679 millionar kroner, heile 406 millionar kroner svakare enn i 2014, og så vidt betre enn i 2010.

Resultatet før skatt enda på knappe 32 millionar kroner. Ein reduksjon på heile 82 prosent samanlikna med 2014, og berre tredelen av kva det var i 2010.

Omstilling
CCB er inne i ein større omstillingsprosess, mellom anna som følgje av at Statoil har flytta forsyningsbasen frå Ågotnes til Mongstad.

Les: Styrkar satsinga på subsea

CCB har istaden blitt nasjonalt knutepunkt for vedlikehald av Statoil sitt subseautstyr. For å styrka tilbodet mot subsea-marknaden har verksemda gjort store investeringar siste åra. Morselskapet styrka investeringane i dotterselskapa CCB Kollsnes AS, CCB Mongstad AS og Kirkenesbase AS med heile 146 millonar kroner.

Som følgje av investeringane auka konsernet si samla gjeld med vel 50 millionar.

Utbyte på 20 millionar
Coast Center Base AS vert eigd 50 – 50 av Bernh. Larsen Holding AS og Norsea Group Operations AS.

I kriseåret tok eigarane ut 20 millionar kroner i utbyte frå morselskapet.

Sjefen sjølv, dagleg leiar Kurt Rune Andreassen, sikra seg også ein fin lønsauke, heile 370.000 kroner. Samla ytingar til toppsjefen utgjorde dermed 2,7 millionar.

Coast Center Base AS – konsernet – alle tal i heile 1000

2015 2014 2013 2012 2011 2010
Driftsinntekter 679 144 1 085 873 854 048 2 030 210 706 773 643 223
Resultat før skatt 31 955 179 635 113 314 286 115 94 086 88 100

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s