Færre arbeidsledige – unnateke i Fjell

Fjell var ved utgangen av mai den kommunen som har tredje høgaste arbeidsløysa i Hordaland. Sund og Øygarden følgjer like etter. I Askøy ser det langt lysare ut.

NAV logoDagens tal frå NAV over arbeidsløysa i kommunane, fortel at det framleis er mange hordalendingar som står ufrivillig utanfor arbeidslivet, men antydar samstundes at situasjonen er i ferd med å stabilisera seg.

8990 Hordalendingar er for tida utan arbeid. Det er 1.936 fleire enn ved utgangen av mai i fjor, og tilseier ei arbeidsløyse i fylket på 3,2 prosent.

Auke i Fjell
I Fjell aukar arbeidsløysa framleis. Ved utgangen av mai stod 586 fjellsokningar heilt utan arbeid., og er 20 fleire enn ved utgangen av mars. Samanlikna med situasjonen for eitt år sidan, er det ein auke på 220 personar.

Arbeidsløysa i Fjell tilsvarar 4,4 prosent av stamlege arbeidstakarar. Noko som tilseier at Fjell har den tredje høgaste arbeidsløysa i Hordland, etter Fedje og Stord.

Betring i Øygarden og Sund
Sund og Øygarden har begge ei arbeidsløyse på 4,3 prosent. For Øygarden særleg, men også for Sund, inneber det ei kraftig forbetring samanlikna med situasjonen berre for få månadar sidan.

Det er no 151 sundsokningar som står utanfor arbeidslivet. 104 øygardsstrilar er i same situasjon.

Askøy
Lågaste arbeidsløysa i region vest finn vi i Askøy. 453 asketappar manglar for tida jobb. Det er 28 færre enn ved utgangen av mars, men 103 fleire enn i mai i fjor. Kommunen har no ei arbeidsløyse på 3,1 prosent.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.