Opnar for fritak frå krav om lærlingar

Mikroverksemder vil få fritak for kravet om at leverandørar til det offentlege må ha lærlingar. Kravet vil heller ikkje gjelda ved tildeling kontraktar av lågare verdi og kortare varighet.

Næringsminister Monica Mæland prioriterer læringeverksemdene framfor gründarar i forlag til lov om offentlege innkjøp.
Næringsdepartementet og næringsminister Monica Mæland ser likevel ut til å opna for å gje små gründerversemder fritak frå kravet om å vera læreverksemd.

Då næringsminister Monica Mæland nyleg møtte næringslivet på Sotra og Øygarden til dialogmøte, tok Tunnelsyn.no opp forslaget til ny lov for offentlege innkjøp og dei problema små gründerverksemder vil ha med å tilfredstilla kravet om å vera læreverksemd.

Les: Stengjer gründarar ute frå offentlege innkjøp

Fagnettstaden Anbud365.no har fanga opp problemstillinga, og vidareformidla spørsmålet til statssekretær Birgitte Jordahl i Kunnskapsdepartementet.

– Inga ekstrabelastning
– Kravet om å bruka lærlingar ved offentlege innkjøp vil gjelda alle verksemder, seier statssekretæren til Anbod365.no.

Jordahl tvilar på om kravet vil verta ei særleg ekstrabelastning på nystarta verksemder, som uansett møter mange krav.

Gjer unntak
Nokon unntak ser det likevel ut til å verta i lovforslaget:

– Kravet vil ikkje gjelda kontraktar med lågare verdi og kortare varighet, og der det er vanleg for nystarta mikroverksemder å delta, seier Jordahl.

Manglar definisjonar
Tanken bak fritaket, er å unngå at oppdragsgjevarar stiller krav om bruk av lærlingar når kontraktverdien ikkje forsvarar kostnadane forbunde med å ha lærling i verksemda, ifølgje forslaget til ny lov om offentlege innkjøp.

Lovforslaget gjev ikkje noko definisjon om beløpsgrense og kva som vil meinast med ”kortare” varighet.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.