Kamp om omstillingsmidlane

Kriseramma levarandørverksemder langs Vestlandskysten har søkt om 46,2 millionar kroner i støtte til omstillingstiltak.

Ved utgangen av mai hadde Hordaland fylkeskommune, som administrerer ordninga med midlar til omstillingstiltak i den kriseramma offshoreindustrien, motteke 25 søknadar, ifølgje ei pressemelding.

Kamp om midlane
Søknadsbunken vitnar om at det vert kamp om midlane. Samla søknadsbeløp er på 46,2 millionar kroner. Det er meir enn dobbelt så mykje som Regjeringa har avsett til føremålet. Til saman disponerer fylkeskommunen 20 millionar kroner til omstillingstiltak i offshoreindustrien.

Enormt behov
– Dette viser eit enormt behov. Mange slit og ser seg om etter høve til ei ny framtid, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ein kommentar.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s