Dødt løp

Årets vinnarar er kåra. To roser kasta seg frampå i innpurten, for å sikra tittel som årets første i rosehagen på Straume.

Louise Bugnet. Den kanadiske rosa trengte nokre år før ho bestemte seg for å trivast.
Louise Bugnet. Den kanadiske rosa trengte nokre år før ho bestemte seg for å trivast.

Sesongen startar tidleg. Tre veker tidlegare enn i fjor, men likevel ikkje rekordtidleg, ifølgje loggen som går heilt tilbake til 2002.

Historiske roser som Alba Rugosa pleier bløma tidleg. Denne står dessutan på ein av dei lunaste plassane i hagen.
Historiske roser som Alba Rugosa pleier bløma tidleg. Denne står dessutan på ein av dei lunaste plassane i hagen.

I år vart det dødt løp. Årets vinnarar er kanadiske Louise Bugnet og Alba Rugosa, begge kvite. Albarosa sitt søskenbarn Blanche Double de Coubert følgjer etter i løpet av dagen.

Les: Det vart ein…

Sevjesprengte knoppar
Fleire sortar står med sevjesprengte knoppar og ventar utolmodig på å visa verda kor vakre dei er. Musseline, Flammentanz og Lykkefunn er sikre kort. Det same er spinississimaen.

Eit 20-tals nye sortar er planta ut. Nokre av overvintrarar nølar framleis med å fornya kontrakten.

Hageeigaren gler seg og observerer!

Du kan lesa fleire reportasjar frå rosehagen her

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s