Sartor Maskin – lokal vinnar i nervøs bransje

Kåre Bjorøy har tapt pengar i berre eitt av dei 26 åra han har drive Sartor Maskin. Det skjedde fordi han konkurrerte med seg sjølv.

Gjennom 26 år som leiar for Sartor Maskin AS har Kåre Bjorøy bygd opp verdiar for nærare 250 millionar.
Som leiar for Sartor Maskin AS gjennom 26 år har Kåre Bjorøy bygd opp verdiar for nærare 250 millionar.

Generalforsamlinga for 2015 vart halden torsdag kveld. Fredag kunne eigar og gründer Kåre Bjorøy pusta ut og markera at entrepenørverksemda Sartor Maskin AS har lagt bak seg enno eit år med vekst og overskot. Både driftsinntekter og resultat hadde ei positiv utvikling, trass i offshorekrisa som råka Sotrasamfunnet i fjor.

Selskapet fekk 312,7 millionar kroner i inntekt, og resultatet etter skatt enda på 12,7 millionar kroner. Balansen avslører at verksemda sit på verdiar tilsvarande oppunder ein kvart milliard. Eigenkapitalen utgjer 69 millionar kroner. Av det er 61 millionar er opptent eigenkapital – overskot som eigarane har late stå att i verksemda.

Dumpar kontraktar
– Arbeidsmarknaden innan bygg og anlegg er nervøs om dagen. Store offentlege kontraktar vert dumpa, hevdar Bjorøy. Kva kontraktar han har i tankane, ønskjer han ikkje å utdjupa.

– Folk er svoltne på jobbane. Skal vi overleva, må vi verta betre på produksjon. Dei tilsette er fagutdanna, og må få ei løn som står i samsvar med utdanninga.

– Har det skjedd ei overetablering i bransjen?

– Austeuropearane har teke toppane. På Avinor si utbygging på Flesland utgjorde utlendingane 70 prosent. No skjer det ein konkurranse på godt og vondt. Folk kuttar prisane for å få oppdraga. Vi må unngå å svelta kvarandre, oppfordrar Bjorøy.

Stadig fleire av oppdraga til Sartor Maskin AS skjer på innsida av Sotrabrua.

Konkurrerte med seg sjølv
Går du gjennom rekneskapane Sartor Maskin har sendt inn til Brønnøysund i alle desse åra, vil du oppdaga at det berre er eitt år dei har tapt pengar – ikkje på drifta, men på finanskostnadane.

– Eg var aleine om jobbane, og forstod ikkje kvifor eg tapte pengar. Ein analyse av situasjonen avslørte at eg konkurrerte med meg sjølv. Vi var i ein oppbyggingsfase, med mange nye kostnadar. Eg måtte innføra nye og betre kalkyler for å få med alle dei faktiske kostnadane i reknestykket, seier Bjorøy.

Nye kalkyler
Det med kalkyler kan elles vera eit usikkert reknestykke for ein entrepenør, særleg for dei kostnadane som skjuler seg under bakken:

– Du kalkulerer med 10 prosent overskot, håpar på åtte og endar på 4,7 oppsummerer han. Han klagar likevel ikkje. Resultatandelen til Sartor Maskin AS ligg midt på treet, samanlikna med resten av bransjen.

Å få inn eksterne folk i styret bidrog og til ei positiv utvikling i lønsemda.

Tøff start
Sartor Maskin AS såg dagens lys i kriseåret 1990. Kåre Bjorøy såg at ting i familieføretaket kunne gjerast annleis, og braut ut. Han fekk med seg eitt oppdrag og to tilsette.

– Dei som trur det er tøft no, veit ikkje kva dei snakkar om. 1990 var nesten like ille som 1930-talet. Det var bankkrise, og bankane var prega av panikk. Hadde du eit bygg utan leigetakarar, vart det verdsett til null, seier han.

For ei nystarta entrepenørverksemd fantes det omtrent ingen jobbar å konkurrera om. Var du så heldig å få eitt oppdrag, måtte du forskottera alle kostnadane. For opparbeidinga av eit tomtefelt på Straumsfjellet fekk vi 25.000 kroner per tomt. 12.000 gjekk med til varekjøp. For dei siste 13.000 skulle vi gjera arbeidet, betala løn og betala ned på lånet på maskinene. Dei ferdige einebustadane vart selde for under 700.000 kroner, mimrar han.

– Overlever du ein slik situasjon, har du fått vist kva du duger til. Når eg ser tilbake, forstår eg ikkje at det gjekk bra, hevdar Bjorøy

Teknologi vs. regulering
Mykje har endra seg på desse 26 åra. IT og teknologiske framsteg gjer det mykje einklare både å gjera jobben og å driva firma i dag. Rekneskapen vert ført på PC. GPS i gravemaskina inneber auka presisjon i gravearbeidet.

På den andre sida er regelverket blitt langt meir komplisert. Det er i dag langt meir han som bedriftsleiar må ha oversikt og kontroll over, enn då han starta.

Planlegg å trappa ned
Når Kåre Bjorøy kjører rundt på Sotra, ser han stadig prosjekt han har vore med på å byggja.

– Eg er oppteken av at det skal vera noko att etter meg. Talet på gravemaskiner er uinteressant, seier han.

Etter 25 år er Bjorøy oppteken av at suksessverksemda Sartor Maskin skal fortsetja etter hans tid. Han har byrja å planleggja og trappa ned.

Sel aksjar til tilsette
Dei tilsette har dei siste åra hatt høve til å kjøpa aksjar i sin eigen arbeidsplass. I kvart av åra 2011 og 2014 fekk dei tilsette kjøpa 10 prosent av aksjane. Same tilbodet skal dei få i 2017.

– Det at dei tilsette har kjøpt seg inn, er til beste for firmaet. Når folk får eigarskap, bryr dei seg meir om arbeidsplassen sin. Dei ser betydninga av at aksjeverdien aukar, seier Bjorøy.

Pengar ikkje noko motiv
Sidan dei ansatte fekk tilbod om å kjøpa aksjar i 2011, er aksjeverdien dobla.

– Eg har fått meir ansvar for å tena pengar, noko som aldri tidlegare har vore eit motiv for meg, seier han.

– Det har aldri vore eit mål å tena pengar, eller å verta stor, hevdar Kåre Bjorøy.

Namnet Sartor Maskin vart til dømes vald for å vera mest mogeleg anonymt, forsikrar gründaren.

Som ein toppidrettsutøvar
– Skal du starta for deg sjølv, bør du ikkje gjera det på topp. Då gjer alle andre det same. Du vert heller ikkje førebudd på å takla motbakkar. Slik situasjonen er i dag, er det dessutan lettare å få tak i arbeidskraft.

Det å vera gründer samanliknar Bjorøy med å konkurrera som toppidrettstutøvar:
– Du må kunna teknikk, styrke og hurtighet. Og du må vera uthaldande. 25 år vitnar om stayerevne. Den dagen du slappar av, tapar du pengar. Då må du jobba 10 dagar for å henta inn att det tapte.

– Ikkje minst må du reisa deg att når du får ein killevink. Det skjer av og til, åtvarar han.

– Realitetsorienter deg. Gå for det du trur på, om du meinar du har evner og føresetnadar for å lukkast. Det du brenn for, men ikkje tør å gjera, er det du vil angra på i ettertid, oppsummerer Kåre Bjorøy erfaringane frå eit kvart århundre som gründer.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s