– Her bør nye Sotra vidaregande liggja!

Den nye vidaregåande skulen på Sotra bør byggjast i det framtidige byggjeområdet mellom rådhuset og Sartor Senter på Straume.

Det har ikkje vore nokon politisk diskusjon om bruken av det nye området mellom rådhuset og Sartor Senter. Rådmann Steinar Nesse vil gjerne plassera den nye vidaregåande skulen her.
Stovevatnet skal verta deponi for stein frå det nye Sotrasambandet. Det har ikkje vore nokon politisk diskusjon om bruken av det nye byggjeområdet ein dermed får mellom rådhuset og Sartor Senter. Rådmann Steinar Nesse vil gjerne plassera den nye vidaregåande skulen her, saman med den nye bussterminalen.

Det meinar i alle fall rådmann Steinar Nesse i Fjell. Då Komite for drift i ettermiddag drøfta fylkeskommunen sitt forslag til skulebruksplan fram mot 2030, nytta rådmannen høvet til å lansera det nye byggjeområdet mellom rådhuset og Sartor Senter som skuletomt.

Einkel tilkomst
– Tomten kjem mindre enn 100 meter frå den nye bussterminalen, og vil eigna seg fantastisk godt til skulebruk. Her vil vi kunna nå alle dei kollektivreisande. Hit vil det også vera greit å sykla via den ny sykkelvegen frå Kolltveit, sa Nesse og la til at han alt har diskuterta tomtespørsmålet med fylkeskommunen.

-All forsking visar at vi må ha ein skule, dersom vi skal få til ein by. Helst vil vi ha både vidaregåande og høgskule her, la rådmannen til.

Politisk tilslutning
Politikarane i Komite for drift tok signalet. I forkant av møtet hadde posisjonen; Høgre og Arbeidarpartiet, utarbeida eit tillegg til innstillinga. Her står det at for å styrka den framtidige byutviklinga på Straume, bør den nye vidaregåande skulen plasserast her.

Både innstillinga og tillegget vart samrøystes vedteke.

Steindeponi
Stovevatnet skal verta deponi for stein frå tunnelen som skal sprengjast under Straume i tilknyting til det nye Sotrasambandet, ifølgje den nyleg vedtekne reguleringsplanen. Oppå steinmassane skal det lagast til eit nytt byggjeområde som skal binda saman rådhuset og Sartor Senter.

Les: 1 milliard per kilometer – reguleringsplan for nytt Sotrasamband overlevert

Ingen diskusjon
At den nye bussterminalene skal plasserast i området er forlengst avgjort. Kva andre funksjonar eller bygg som skal plasserast her, vert opp til politikarane å avgjera.

-Plasseringa av den nye vidaregåande skulen har ikkje vore noko politisk tema, medgav komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) ovanfor Tunnelsyn.

Bildøy eit alternativ
Alternativ plassering for ein ny vidaregåande skule, slik Nesse ser det, er å leggja skulen på Bildøy, i tilknyting til det noverande skulesenteret.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s