DOF-sjef Mons Aase om marknadssituasjonen for offshorefartøy: – Det er eit rått løp

Nordsjøen er det verste området i verda å driva offshore rederiverksemd for tida, ifølgje administrerande direktør Mons Aase i DOF ASA. Den brasilianske marknaden er lyspunktet for Austevollrederiet.

Skandi Africa vart kåra til årets fartøy i 2015.
Skandi Africa vart kåra til årets fartøy i 2015. Foto: DOF ASA.

– Vi har hatt mykje moro, men akkurat no er det ganske slitsamt, helsa administrerande direktør Mons Aase deltakarane på Connect partnarforum for Olje og Gass tirsdag denne veka.

– Overkapasiteten på fartøy i Nordsjøen er betydeleg, samanlikna med det reduserte behovet. Aller verst er situasjonen på norsk sokkel, seier Aase.

– Statoil betalar mindre enn driftskostnadane. Det er der vi er no. Det er umogleg å overleva av slike rater, særleg om du har gjeld som skal betenast, seier Aase.

Situasjonen er rett nok ikkje like ille for alle typar fartøy. Men då fartøya oftast er bygde med tanke på spesielle oppgåver, er det vanskeleg å omstilla flåten.

Redusert aktivitet
Sidan toppåret 2014 har Austevollrederiet sagt opp 400 – 500 personar og seld unna eit titals fartøy, fortalde Aase.

Det børsnoterte Austevollrederiet DOF ASA har så langt sluppe betre unna den beinharde konkurransen om oppdraga i Nordsjøen enn Sotra-rederiet Atlantic Offshore AS.

Les: Kreditorkrav på 950 millionar i buet til Atlantic Offshore

Refinansiering og gjeldssanering

DOF ASA og administrerande direktør Mons Aase får no full utteljing for tilpassinga til dei politiske rammavilkåra i subseamarknaden i Brasil.
DOF ASA og administrerande direktør Mons Aase får full utteljing for tilpassinga til dei politiske rammevilkåra i Brasil. Ved å byggja fartøy på lokale verft, og ha dei under brasiliansk flagg, blokkerer dei for 12 andre utanlandske konkurrentar.

Mandag kunngjorde DOF ASA ein omfattande plan for refinansiering. For å betena gjeld og sikra overlevinga i fleire år framover, planlegg verksemda å styrkja eigenkapitalen med 1,2 milliardar friske kroner. Hovudeigarane, Møgsterfamilien, skal sjølv betala inn 750 millionar.

Samstundes vert det planlag ei omfattande gjeldssanering.

Global aktør
Austevollingane har kopiert det globale konseptet til det danske rederiet Maersk.

Inntekter frå aktivitetar på den globale marknaden er det som bergar DOF i dag. Oppdragslista tilseier 76 – 77 prosent kapasitetsutnytting ut 2016.

– Dess lenger vekk frå Nordsjøen og norsk sokkel, di betre vert marknaden, seier Aase.

Flagga ut til Brasil
Særleg har austevollingane kasta augene på subseamarknaden i Brasil. For å tilpassa seg til dei skiftande politiske rammevilkåra for aktivitetar i oljelandet sør for ekvator, har DOF bygd 12 fartøy ved lokale verft. Dei har også valt å flagga ut fartøy frå Norge til Brasil, seier Aase.

Eit sjakktrekk DOF no får full utteljing for. Statsoljeselskapet Petrobras prioriterer fartøy med lokal tilknyting ved tildeling av nye kontraktar. Samstundes terminerer dei inngåtte kontraktar med utanlandskregistrerte fartøy.

Blokkerer for konkurrentane
– Ved å følgja dei lokale reglane, har vi blokkert for 12 andre fartøy. Tek vi fleire fartøy vekk frå Nordsjøen og flaggar dei i Brasil, vil vi kunna blokkera for enno fleire, seier Aase.

– Det er eit rått løp, konstaterer administrerande direktør Mons Aase i eitt av dei største børsnoterte offshorerederia i Norge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s