– Vanskelegaste saka vi har hatt på bordet

Formannskapet i Øygarden var samde om ein ting då dei i dag diskuterte ei mogeleg samanslåing med Fjell og Sund: Kommunesamanslåinga er den vanskelegaste saka dei har hatt på bordet. Det endelege utfallet vert truleg ikkje klart før i kommunestyret 21. juni.

Ja-ordførar Børge Haugetun fekk støtte frå Silvia Haugland og Inger Margrethe Toft. Espen Harkestad seier nei, og Atle Dåvøy stemte blankt.
Spaning heilt fram til kommunestyremøtet. Ja-ordførar Børge Haugetun får støtte frå Silvia Haugland og Ingrid Marie Toft. Espen Harkestad seier nei, og Atle Dåvøy stemte blankt.

Dei fem formannskapsmedlemmane i Øygarden fungerte som kommunen sine forhandlarar i prosessen som førte fram til underskrivinga av den felles intensjonsavtalen med nabokommunane 7. mars.

Les: Solskin over nye Øygarden

No har det vore halde folkemøte. Veljarane har hatt anledning til å setja seg inn i avtalen og koma med tilbakemeldingar på samanslåinga. Innbyggjarundersøkinga gav eit knapt fleirtal mot kommunesamanslåing. Øygardsstrilane si delte oppfatning vert spegla i dei politiske partia.

Les: Frykt skal samla Fjell, Sund og Øygarden

Les: Innbyggjarundersøkinga: Ofrar lokaldemokratiet for næringsutvikling

Framtida til Øygarden
Usemja om framtida til kommunen kom tydeleg fram då formannskapet drøfta saka i dag. TVØ sine to representantar, ordførar Børge Haugetun og Silvia Haugland, seier begge eit klart og tydeleg ”ja” til samanslåing. Ingrid Marie Toft frå Høgre var ikkje med i forhandlingsutvalet, men hadde likevel kome til same konklusjon.

Arbeidarpartiet sin representant, Espen Harkestad, argumenterte like tydeleg for sitt ”nei”-standpunkt.

Atle Dåvøy hadde ikkje fått diskutert saka med resten av KrF-gruppa, og stemte blankt.

Tenestekvalitet
– Dette handlar om kommunen si evne til å levera tenester av god kvalitet til innbyggjarane, innanfor endra rammevilkår. Framtida vert ikkje berre styrt av det som skjer innanfor Øygarden sine grenser, opna ordførar Børge Haugetun.

– Heile tenestetilbodet vårt er prisgitt dagens inntektssystem, sa Haugetun. Han fryktar eit nytt inntektssystem som vil ta frå Øygardsstrilen storparten av dagens skatteinntekter på verk og bruk. Av dei 150 millionane som kommunen får inn frå olje- og gassanlegga på Kollesnes og Sture går to tredelar går rett inn i drifta av kommunen.

Haugetun fryktar også konsekvensane for det interkommunale samarbeidet dersom Fjell og Sund går saman til ein kommune, utan Øygarden.

Øygarden er liv laga
– Vi i Arbeidarpartiet er ikkje så defensive som ordføraren. Partiet har kjørt ein parallell prosess på sida av forhandlingane. Vi har vurdert alt det som Haugetun seier, og har kome til ein annan konklusjon. Det ordføraren seier, er noko han trur, innvende Espen Harkestad.

– Øygarden slik han er i dag er liv laga, mykje lengre enn 5 – 10 år framover. Det gjeld sjølv om vi mister nokre inntekter, la Harkestad til.

Les: – Det er no forhandlingane byrjar

Tvangskjørt inn i samanslåing
– Saka slik ho vert framstilg, får tydeleg fram argumentasjonen for å seia ”ja”, og kva som skjer om vi seier ”nei”, meinte Atle Dåvøy.

KrF-representanten spør seg korvidt innbyggjarane i Øygarden er klar over kva som vil skjer om kommunen seier ”nei”.

– Eg tykkjer det er trist at Øygarden no vert tvangskjørt inn i ei samanslåing. Det at Øygarden vert teken av globaliseringsbølgja, er eg ikkje så veldig glad for, sa Dåvøy.

– Ein storkommune vil gje robuste tenester, har vi fått høyra. Så langt har eg ikkje fått noko godt svar på kva vi treng vera så robuste mot, la han til.

Gruppemøter på mandag
– Dette er inga einkel sak. Det er den vanskelegaste saka vi har hatt på bordet sidan eg byrja i politikken i 1999, sa Harkestad. Eit synspunkt Haugland ikkje hadde problem med å støtta.

KrF skal ha gruppemøte om saka på mandag. Det same skal TVØ.

– Eg vil kjøra mykje hardt på å få eit ”ja”, uansett kva dei andre partia meinar, seier Haugetun.

Les: TVØ-Haugetun – her skal kommunegrensa gå

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s