Askøy kommune held fram hemmeleghetskremmeriet

– Det er fort gjort å forsnakka seg, meinte Rosalind Fosse (FrP) og foreslo å lukka dørene då utval for teknikk og miljø behadla kommunen sin leigeavtale med Fromritoppen Legesenter.

Redd for å forsnakka seg. Rosalind Fosse (FrP) er ein av dei mest røyde politikarane i Askøy.
Redd for å forsnakka seg. Rosalind Fosse (FrP) er ein av dei mest røyde politikarane i Askøy.

Raudlistesakene held fram med å koma i utvala i Askøy kommune. Dette trass i at varaordførar Bård Espelid nyleg gjorde opprør i formannskapet mot den uheldige praksisen.

Les: Varaordførar gjer opprør mot kommunalt hemmeleghetskremmeri

I dagens møte i utval for teknikk og miljø vart Tunnelsyn sett på gangen då kommunen sin leigeavtale med Fromritoppen Legesenter skulle behandlast.

Det skjedde trass i at saka var skriven etter rådmannen si «nye» oppskrift. Det vil seia at sjølve saka var offentleg, og at leigeavtalen låg ved stempla unnateke offentlegheit.

Det var ikkje nok for Rosalind Fosse (FrP):

– Når vi diskuterer saka er det fort gjort å forsnakka seg, meinte Fosse, og føreslo å stengja dørene. Ho fekk støtte frå Nina Fauskanger (Ap).

Arild Raftevoll (V) ville gjerne vita kva paragraf som gav heimel for å lukka møtet:

Utvalsleiar Jannicke Bergesen Clarke (Ap) var førebudd på spørsmålet: Kommunelova §31.2, svara utvalsleiaren.

Saman overtalte FrP og Arbeidarpartiet utvalet til å stengja dørene.

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s