Fjell kommune bygde på annan manns grunn

I euforien over å få vera med på å skapa noko stort, brydde ikkje byggherrane seg om å få på plass naudsynte avtalar med alle grunneigarane før Sotra Arena vart bygd. Fem år seinare håpar Fjell kommune å koma til semje med Straume Messesenter AS om prisen på eit 12 mål stort område.

Idrettsanlegget Sotra Arena på Straume er bygd av Sotra Sportsklubb i tett samarbeid med Fjell kommune. Praktanlegget husar ein fleirbrukshall og ein fotballhall i tillegg til fleire utandørs fotballbanar.

På annan manns grunn
Grunnen anlegget står på, vert berre delvis eigd av utbyggjarane, kom det fram i ei sak i Komite for drift i går.

Straume Messesenter AS, med Geir Nordahl-Pedersen som hovudaksjonær, eig eit 12 mål stor område som no vert dekka av innkjøringa til Sotra Arena, delar av parkeringa og fotballhallen.

Tomtepris på 10,2 millionar
I saksframstellinga vart komitemedlemmane bedne om å seia ja til å kjøpa det 12 mål store området frå Straume Messesenter. Kravet frå eigar lyder på 10,2 millionar kroner.

Fjell kommune skal kjøpa eigedomen i samarbeid med Sotra Sportsklubb. Kommunen skal finansiera 5,6 millionar av kjøpesummen, for å sikra halvparten av området for allmenta. Restbeløpet skal Sportsklubben finansiera, delvis gjennom spelemidlar, ifølgje det samrøystes vedtaket i Komite for drift.

Kommunestyret skal ha siste ordet i saka.

Ikkje avklart
Våren 2015 vart det kjend at Soli Eigedom AS, der Johannes Kobbeltvedt er styreleiar, står som eigar av eit område på 6 – 7 mål som mellom anna omfattar sandvolleyballbanen. Her forsøkjer seljar å få til ei ordning der kommunen legg tilrette for bygging av vegen mellom Straume og Ebbesvik, der Soli Eigedom planlegg ei storutbygging.

Når det gjeld eigartilhøva til dette området, er utbyggjarane langt frå å forhandla seg fram til ei løysing.

Les: Delte erfaringar med urbant jordskifte

– Best å ikkje spørja
Kristin Brennhaug (KrF) i komite for drift ville gjerne ha ei orientering frå rådmann Steinar Nesse om historien som ligg til grunn for at saka kom opp.

Svaret ho fekk var at dette var ei lang og komplisert sak som det ville teke 4 – 5 timar å utgreia, minst.

– Eg forstår det er best å ikkje spørja, konkluderte Brennhaug.

På spørsmål frå Tunnelsyn, gjev rådmann Steinar Nesse i Fjell likevel denne kommentaren i ein epost:

Saka om Sotra Arena stettar dei behov Fjell kommune har for areal knytt til idrettshallen. Eg er kjend med at Sotra Sportsklubb er i drøftingar med Solli Eigedom i samband med andre areal, mellom anna grunn for sandvollyball-arena. Kommunen er ikkje involvert i desse tingingane. Kommunen har hatt møte med Solli eigedom vedkomande bygging og finansiering av veg frå Straume til Ebbesvik, men det er noko tid sidan. Spørsmålet om veg har ikkje noko å gjera med aktuell sak om Sotra Arena og kjøp frå Straume Messesenter.

Tunnelsyn har også freista få ein kommentar frå Johannes Kobbeltvedt, utan å lukkast.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s