Det nye utkastet til plan for Kleppestø får pepar frå alle kantar, men vert likevel lagt ut på høyring.

Verken Askøylista eller Frp jubla over rådmannen sitt siste forslag til byutvikling på Kleppestø då planen var opp til første gongs behandling i utval for teknikk og miljø i dag.
Les: Kaikanten og nærleiken til sjø skal prega Kleppestø
Ta ut omsynssonene
– Eigedomane som vert omfatta av omsynssonene i planen vert bandlagte langt fram i tid, innvende Ivar Bergesen (Askøylista). Omsynssonene bør fjernast, og områda i staden regulerast til bustad, føreslo han.
Endringane bør skje før planen vert lagt ut på høyring, kravde Bergesen på vegne av Askøylista og Miljøpartiet dei Grøne.
Utset diskusjonen
Arild Raftevoll (V) lurte på om han hadde misforstått noko. Han stilte på møtet for å leggja planen ut på høyring, ikkje for å diskutera detaljane. Detaljane vil Raftevoll diskutera i høyringsperioden.
Heller ikkje Kurt Hæggernæs (Ap) ville ha nokon diskusjon om detaljar i dag.
Dette vert eit byggjefelt
– Dette vert eit byggjefelt, ikkje noko byutvikling, innvende Rosalind Fosse (FrP) om planen som legg opp til å byggja 680 bustadar i blokkliknande busetnad i Kleppestø sentrum.
Fremma opphaveleg plan
På vegne av FrP og Høgre fremma Fosse forslag om at rådmannen sin opphavelege plan bør leggjast ut på høring samstundes med denne.
Ut på høyring
Røystinga over dei tre forslaga viste to stemmer for Askøylista sitt forslag og fem røyster for FrP sitt forslag.
Etter at begge dei to alternative forslaga var nedstemt, vart det vedteke mot fire røyster å leggja planen ut på høyring.
Les: Må laga ny plan for Kleppestø
Les: Kleppestø landsby, småby eller by?
1 Comment