Telenor lovar betre dekning – men først neste haust

Oppgraderinga av mobilnettet til 4G i kommunane vest for Bergen står på Telenor si arbeidsliste. Sund står først i køen.

Direkte sikt til mobilmasta gjev best dekning. Denne basestasjonen står på Straumsfjellet.
Direkte sikt til mobilmasta gjev best dekning. Denne basestasjonen står på Straumsfjellet.

Dårleg mobildekning i utkantane er eit ikkje ukjend fenomen i kommunane vest for Bergen, men snart skal det verta betre, lovar dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Tek område for område
Oppgåva med å oppgradera det norske mobilnettet til å overføra både tale og internett med høg hastighet og kapasitet (4G) er omfattande. Telenor har ein plan for oppgraderinga av dei 7600 basestasjonane landet over. No tek mobilleverandøren område for område, kunne Telenor sin dekningsdirektør nyleg fortelja politikarane i fylkesutval for miljø og samferdsel i Hordaland.

Først ut
Arbeidet i Bergensområdet har for lengst starta. Sund vert første kommunen i region vest der alle basestasjonane vert oppgraderte til 4G. Her er planen å vera ferdig i løpet av første halvår 2017, seier Pål-Henrik Lukashagen i Telenor til Tunnelsyn.no.

Fjell, Øygarden og Askøy må alle venta til hausten neste år før alle basestasjonane er ferdig oppgraderte.

Ikkje slik å forstå at kommunane heilt manglar 4G i dag. Førebels er tre basestasjonar i Straume-området og like mange i Ågotnes-området oppgraderte til 4G. Det same er tilfelle med tre av basestasjonane i Øygarden, fortel Lukashagen.

Teoretisk dekning

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor har 7.600 basestasjonar som skal oppgraderast til 4G. No tek han område for område.
Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor har 7.600 basestasjonar som skal oppgraderast til 4G. Neste år startar arbeidet i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy.

I teorien skal nærare 100 prosent av innbyggjarane i regionen ha mobildekning i heimen etter oppgraderinga.

Beste dekninga vil dei få i Sund og i Øygarden. Her skal heile 99,9 prosent av innbyggjarane ha dekning heime. Når Øygarden med sine mange øyar har fullgod dekning, er det avdi Telenor her har plassert ut heile ni basestasjonar. Uvanleg mange for ein kommune med under 5.000 innbyggjarar, ifølgje Lukashagen.

Dårlegast dekning i Askøy
I Fjell vil tilhøva for mobilbrukarane vera litt dårlegare enn i Sund og Øygarden. I Askøy ser det ut til at dekninga vert dårlegast, berre 98,8 prosent.

Telenor snakkar om teoretisk dekning. I eit småkupert landskap som vårt, vil det framleis vera eindel fleire som vil slita med å få kontakt. Dei som i dag har problem med mobilsamtaler, risikerer at det også vil ha problem etter oppgraderinga.

Landskapet skapar krøll
Framleis vert det slik at beste dekninga har dei som har direkte sikt til mobilmasta.

I eit småkupert landskap kan signala hoppa over dalar, eller dei vert stoppa av berg. Då er det vilkåra for signalrefleksjonar på staden som avgjer kvaliteten på dekninga, utdjupar Lukashagen.

Ei trøyst har han likevel; dei oppgraderingane som skjer no, set sendarane i stand til å nytta frekvensområdet 800 MHz. Desse signala er betre til å følgja kurvane i landskapet enn dei høgare frekvensområda for 4G som Telenor nyttar i dag.

Gammal telefon?
Slit du med dekninga og har gammal telefon? Problemet kan også liggja i telefonen, seier Amundsen.

Iphone5 er døme på ein telefon som berre kan nytta 1800 MHz-bandet. Dette var det første frekvensområdet Telenor tok i bruk i 4G-nettet, men desse signala er også dei som har største problema med å følgja eit kupert landskap.

Nye telefonar skal, ifølgje Lukashagen, kunna nytta alle frekvensområda.

– Om du har problem, ta telefonen med deg til næraste forhandlar og sjekk kva frekvensområde han nyttar, rår Lukashagen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s