Ekspropierer på vegne av privat utbyggjar

Ekspropiasjon er eit fyord for Høgre og FrP, seier dei. For den private utbyggjaren Havblikk Invest AS er kommunestyret i Sund likevel villig til å gjera eit unntak på Glesvær.

Karsten Kleppe (V) var einaste som stemte mot ekspropiasjon. Her saman med Fredrik Mortensen (KrF). Det hjalp ikkje grunneigaren mykje at
Karsten Kleppe (V) var einaste som stemte mot ekspropiasjon. Her saman med Fredrik Mortensen (KrF). Det hjalp ikkje grunneigaren mykje at sonen møtte som vara i kommunestyret. Han var ugild i saka.

Sundpolitikarane har i ettermiddag brote eit godt innarbeida politisk og etisk prinsipp. Dei har tillate ein privat utbyggjar å ekspropiera grunn. I Fjell har denne grensa vore utfordra fleire gongar, utan at politikarane så langt har gripe til eit så dramatisk steg for å realisera ein vedteken privat reguleringsplan.

Einsleg talsmann for eigedomsretten
I Sund i var det berre Karsten Kleppe, Venstre sin representant i kommunestyret, som hald fast på prinsippa om å verna om den private eigedomsretten då kommunen sitt øvste politiske organ i dag vedtok å gje den private utbyggjaren tillating til å ekspropiera.

Saka gjeld ein godkjend reguleringsplan heilt tilbake til 1998, der Bergensfirmaet Havblikk Invest AS fekk løyve til å byggja eit 20-tals frittliggjande småhus på Glesvær i Sund.

Godkjend avkøyrsel
Den regulerte vegtilkomsten over naboen sin eigedom har likevel vist seg å vera ei utfordring.

Utbyggjar har vegrett over eigedomen, men grunneigar har motsett seg å utvida vegretten til også å gjelda fortau på begge sider av avkøyrsla. Helst ser grunneigar at utbyggjar legg om vegen, slik at heile vegen kjem over utbyggjaren sin eigen grunn. Til saman er det snakk om eit areal på kring 100 kvadratmeter.

Langvarige forhandlingar og gjentekne meglingmøte har ikkje ført fram.

Ekstraordinær situasjon
Utbyggjar har fått utført ei juridisk vurdering av behovet for ekspropiasjon. Det same har Sund kommune. Denne har rådmann Stig-Arne Thune sitert flittig i saksutgreiinga.

Rådmannen si hovudgrunngjeving for ekspropiasjon, er at dette er ein ekstraordinær situasjon. Sund er ein vekstkommune med mange regulerte bustadområde. Det er likevel få tomtar i dette området, ifølgje rådmannen.

Snur saka på hovudet
Den juridiske utgreiiinga frå Rasmussen og Broch snur saka på hovudet, samanlikna med det som til no har vore vanleg praksis i Sund-politikken:

– Det er berre under ekstraordinære tilhøve at kommunen skal kunna nekta ekspropiasjon. Det vil vera inkonsekvent om kommunen først vedtek ein reguleringsplan, og så nektar å gje tillating til naudsynt ekspropiasjon for å gjennomføra planen, siterer rådmannen dei juridiske vurderingane.

Omsynet til ønska samfunnsutvikling, kombinert med liten ulempe for grunneigar, gjer at rådmannen tilrådde ekspropiasjon i dette særskilde tilhøvet.

Kvar går grensa?
Både utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP) og Per Eune Eikeseth (H) var samde om ekspropiasjon er eit fyord, men at det må til i dette tilhøvet. Dei fekk støtte av Kjell Arve Vorland (Sp).

– Det var ein som stemte mot i planutvalet. Det var meg. Om vi no tek det steget å ekspropiera eigedom for private ein gong – kvar skal vi då setja grensene framover? Når eigar og utbyggjar ikkje vert samde – kvar går grensa? Denne eine saka vert veldig viktig. Den set vegen vidare, åtvara Kleppe.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s