Det er no klart at den nye rådmannen i Sund etter Stig Arne Thune vil heita Rune Lid.

Tilsetjingsutvalet i Sund kommune gjekk breidt ut, men enda med å finna den best eigna rådmannskandidaten i eigne rekkjer. Rune Lid jobbar i dag som økonomisjef i kommunen. Han er utdanna sivilingeniør og har høgare revisorstudium frå NHH.
God rolleforståing
Rune Lid har levert svært gode resultat i si noverande rolle, og viser god rolleforståing i høve til rådmannstilling, oppsummerer Kari Anne Landro inntrykket av administrasjonen sin komande leiar. At han attpåtil har godt omdøme og er motivert for kva han ønskjer å utretta i rådmannsrolla, tel også i positiv retning.
Rune Lid er 49 år og bur i Godvik. Planar om å flytta til Sund har han ikkje.
20 søkjarar
Det melde seg totalt 20 søkjarar til stillinga. Elleve av dei valde å trekkja seg etterkvart som prosessen skreid fram. Fem av dei vart presentert for tilsetjingsutvalet av hovudjegerverksemda Visindi, fortalte ordførar Kari Anne Landro (H) som har leia det sju person tunge tilsetjingsutvalet.
1 Comment