Utset felles kystsoneplan

Sjømatnæringa er viktig for kystkommunane Fjell, Sund og Øygarden. Styret for regionrådet vest vil likevel ikkje ta initiativ no til å utarbeida ein felles kystsoneplan.

Her sløyer Steffen Andersen Golten delar av dagens fangst på 12 tonn torsk saman med utplasseringselevane Malin Hauge Sørstrømmen og Julie Eikeland frå Fusa VGS.
Fiske og havbruk sysselset nærare 500 personar og genererer tre milliardar i inntekt for verksemdene i Sund, Øygarden og Fjell.

Fiske og havbruk er viktige næringar i Fjell, Sund og Øygarden. Bransjane sysselset nærare 500 personar og omset for tre milliarder kroner i dei tre kystkommunane vest for Bergen, orienterte ordførar Børge Haugetun i Øygarden då han i dag bad styret i regionrådet vest om å ta initiativ til å få utarbeida ein felles kystsoneplan.

Fylkesmannen nektar dispensasjon
I utgangspunktet er det kommunane sine arealplanar som skal fastslå lokalisering og omfang av akvakulturanlegg, og område for fiske. Ikkje alle kommunane har vore føreseiande nok til å få dette på plass, og fylkesmannen i Hordaland har nyleg sagt nei til å gje dispensasjon til ein søknad om nye utplasseringar.

I tillegg til havbruk, vil ein kystsoneplan også kunna ta vare på naturverdiar, miljø og andre interesser.

Nyttig, ja, men ikkje no
Fleirtalet av havbruksanlegga i regionen er plasserte i Sund. Ordførar Kari Anne Landro er samd i at sjømatnæringa er eit område der det skjer veldig mykje om dagen, og at ein felles plan kan vera nyttig.

Ho vil likevel ikkje tilrå gå inn i eit slikt tungt felles planleggingsprosjekt no, så lenge verken planen for felles næringsareal eller strandsoneplanen er landa.

– Det er fort gjort å starta eit planarbeid. Det skal fullførast også, sa Landro.

Prioritering
Planlegging tek tid. Ein kystsoneplan vil vera eit uvanleg komplekst arbeid. Vert det noko av kommunesamanslåinga, bør vi heller starta arbeid med ein felles kommuneplan som kan vera klar til 1.1.2020, meinar rådmann Steinar Nesse i Fjell.

På tvers av kommunegrensene
Oppdrettsnæringa sine utfordringar ofte går på tvers av kommunegrensene. Mange områder i landet har alt ein felles kystsoneplan, seier ordførar Børge Haugetun i Øygarden på grunnlag av erfaringane frå medlemskapen i nettverk for fjord og kystkommunar.

Tenk på ressurssituasjonen
– Vi må kunna gjera fleire ting samstundes, sa Haugetun. For han er det ikkje aktuelt å venta til 202 med å starta det viktige arbeidet.

– Vi må sjå på den totale ressurssituasjonen. Sjølv om vi hyrer inn nokon til å laga ein slik plan, må vi likevel ha politisk styring og setja av kapasitet til å følgja med på arbeidet, sa Landro.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s