Ei rosa sky

Rosesesongen er i si spede byrjing. Rosa Pimpernellifolia er som vanleg ei av dei tidlegaste. Nett no står ho som ei rosa sky i hagen.

pimpernellifolia web
Ei rosa sky.

Rosa Pimpernellifolia vert ofte kalla Spinosissima. I sitt ville liv her på Vestlandet betre  kjend som Trollrose eller klungerrose.

Både farge og form på rosene røpar at den historiske buskrosa som står i hagen min er ein kultivert hybrid. Namnet kjenner eg ikkje.

Både form og farge røper art denne Pimpernellifoliaen er ein kultivert hybrid.
Både form og farge røper at denne Pimpernellifoliaen er ein kultivert hybrid.

Knappe meteren høg, og minst like brei, blømer ho uvanleg rikt denne sommaren. Dei rosa, ballforma blomane er 3 – 4 centimeter i diameter og duftar godt. Den sterk rosa fargen vert gradvis bleikare. Utover sommaren vil svarte nyper erstatta rosene.

Ei robust og hardfør rose i vått vestlandsklima der vintertemperaturen til tider kan synka ned mot 20 minus.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s