Snekrar restaureringsplan for Borgstovo

Det er stort behov for handtverkarar med kompetanse på restaurering av gamle bygg i Hordaland. Borgstovo på Fjell prestegard kan vera eit interessant objekt for kursing av lokale handverkarar.

Borgstovo har høg kulturminneverdi som del av Fjell prestegard. Foto: Trygve Solløs/Museum Vest.
Borgstovo har høg kulturminneverdi som del av Fjell prestegard. Foto: Trygve Solløs/Museum Vest.

Borgstovo ved Fjell prestegard har høg kulturminneverdi som del av prestegarden. Tilstandsvurderinga som bygningsvernkonsulent Trygve Solløs ved Museum Vest har utarbeida er lite oppmuntrande. Borgstovo må rekonstruerast heller enn å restaurerast, ifølgje konklusjonen.

Les: Fylkeskonservatoren: Kulturminnefagleg bygningsekspertise bør vurdera Borgstovo

Inga umogeleg oppgåve

Dei innvendige veggane har relativt små skadar.
Dei innvendige veggane har relativt små skadar. Foto: Trygve Solløs/Museum Vest.

Oppgåva er likevel langt frå umogeleg, meinar Solløs som har vore med på verre oppgåver. Han har også konsultert kollegaer med erfaring frå restaureringsarbeida på Bryggen i Bergen.

– Finansieringa vert hovudutfordringa, seier Solløs. Han ser for seg at det kan verta aktuelt med eit spleiselag mellom Opplysningsvesenets Fond som eig prestegarden, Fjell kommune, Kulturminnefondet og lokale bevaringsinteresser, som Fjell Kulturminnelag.

Les: Kulturminnelaget vil berga Borgstovo

Å få til ei optimal løysing vil vera krevjande. Mange må bidra, skal dette gå bra, ser bygningsvernkonsulenten. Når sommaren er over håpar han å ha snekra saman eit forslag til restaureringsplan og korleis han kan finansierast.

Stort behov for kompetanse
– Klarar vi få dette til som eit kurs for lokale handverkarar, vil sluttsummen verta langt meir overkomeleg enn om vi må leiga inn fagfolk, seier Solløs.

Bygget er ikkje så veldig stort. I beste fall snakkar vi om vel ein million kroner, kalkulerer han.

Brei tilnærming
Riksantikvaren har konstatert at behovet for handverkarar med kompetanse innan ulike sider innan restaurering er stort i Hordaland, samanlikna med behovet.

Eit restaureringskurs kan typisk vara over ein vinter. Tematisk vil kurset sikta breidt. Tømrarar som ønskjer å meistra til dømes ulike lafteteknikkar og taktekkjing, heller enn berre å bala med gipsplater og spikarpistol, vil vera ei sentral målgruppe.

Læra av andre
Tilstandsvurdering, val av løysingar og materialkvalitetar kan også vera aktuelle tema. Likeeins det å finna historisk dokumentasjon av korleis bygget opphaveleg såg ut.

Her vil ein kunna henta inspirasjon frå andre. Eit kurs i bygningsvern kan byggjast opp på same måte som kursa ved Fartøyvernsenteret i Norheimsund. Det kan også vera aktuelt å samarbeida med Bygningsvernsenteret i Voss.

På lenger sikt kan det vera aktuelt å involvera elevane på yrkesfag på vidaregåande.

Omfattande skader
I tilstandsvurderinga konkluderer bygningsvernkonsulenten at skadane på laftekonstruksjonen er omfattande, særleg i sør- og vestveggen. Rote har angripe også golv og bærebjelkar i andre etasjen. Verst er likevel roteangrepet på takkonstruksjonen. På vestsida har taket kollapsa.

Eindel av det gamle tømmeret, kan hende så mykje som halvparten, vil kunna gjenbrukast i samband med ei eventuell restaurering.

Les: Manglar oversikt over verneverdige bygg

Vestveggen og taket er det som er i verst forfatning.
Vestveggen og taket er det som er i verst forfatning. Foto: Trygve Solløs/Museum Vest.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.