Færre pendla til jobb

Strilane finn i stadig større grad arbeidsplassane sine lokalt, sjølv om det er store skilnadar kommunane i mellom.

Stadig færre Sotra- og Øygardsstrilar må over Sotrabrua når dei skal på arbeid.
Stadig færre Sotra- og Øygardsstrilar må over Sotrabrua når dei skal på arbeid.

 

Dei ferske KOSTRA-tala er interessant lesnad for dei som bryr seg om samfunnsutvikling i kommunane vestom Bergen. Her kan ein sjå utviklinga over tid for ei rekkje ulike faktorar som påverkar kvardagen vår og som gjev politikarane styrekurs for utviklinga vidare.

Flest pendlarar i Sund
Bergensområdet er ein stor felles bu og arbeidsmarknad.

Høgast andel av pendlarar finn vi i Sund. Her må 47,1 prosent av innbyggjarane i arbeidsfør alder dra utom kommunegrensa for å finna arbeid. I andre enden av skalaen finn vi Øygarden, der berre 40,6 prosent har arbeidsplassen sin i ein annan kommune.

Lekkasje
I Fjell er situasjonen ikkje så ulik Øygarden. Offshoreklynga på Ågotnes og handlesenteret og nærinsparken på Straume sikrar at «lekkasjen» av arbeidskraft ut av kommunen berre vart på 41,1 prosent.

Askøy i Askøy må 46,8 prosent av arbeidstakarane over kommunegrensa når dei skal tena til det daglege brød.

Færre pendlar
I samtlege av dei fire kommunane gjekk talet på pendlarar ned i 2015 samanlikna med året før.

Sterkare vekst i arbeidsplassar
Tilsynelatande vert det skapt fleire lokale arbeidsplassar i vekstkommunane enn veksten i folketalet. Ser vi heile dette tiåret under eitt, er det berre i Askøy at utviklinga har gått feil veg. I 2010 var det berre 45,7 prosent av innbyggjarane som måtte over Askøybrua når dei skulle på jobb.

Størst reduksjon i andelen pendlarar har det vore i Sund, med tre prosent. I Fjell er andelen av pendlarar redusert med 2,2 prosent. Tilsvarande tal for Øygarden er 0,4 prosent.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s