Avviklar nettsal av øl – startar heller eigen butikk

Nettsal av øl kosta meir enn det smaka for Skikkelig Mat AS. Istaden håpar dei å få fart i ølsalet ved å starta eigen butikk vegg i vegg med kafeen. I Skikkelig Malt og Brød skal dei også selja kortreist mat.

skikkelig matHausten 2014 fekk Skikkelig Mat AS som første verksemd i Fjell løyve til alkoholsal på nett. Planen var aldri å verta stor på sal av alkohol, men å kunna tilby kundane å handla handtverksøl til å ta med heim saman med andre kortreiste matvarer.

Les: Fann smutthol i alkohollova

Alkohollova tilseier at sal og utlevering av øl måtte skje frå eit eige lokale. Ølsal kan ikkje skje på lovleg vis i den etterkvart så populære kafeen på Sartor Senter der kundane kan få servert øl.

Omstendeleg administrasjon
Å administrera dei to ordningane har tydelegvis kosta meir enn det smaka. No avviklar dei nettsalet av øl. I staden etablerer dei ein eigen butikk vegg i vegg med kafeen; Skikkelig Malt og Brød.

Samrøystes
For å stetta handlebehovet hos øltørste kundar i sommarvarmen, flytta kommunestyret i Fjell i dag behandlinga av det nye salsløyvet til toppen av dagsorden. Løyvet var innvilga samrøystes.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s