Thon betalte festen

Olav Thon har gripe djupt i lommeboka for å finansiera opningsfesten på Sartor Storsenter. Oppkjøpet på Sotra var det største det børsnorterte eigedomsselskapet gjorde i fjor.

Olav Thon betalte 1,4 milliardar kroner for 60 prosent eigarandel i Sartor Storsenter AS.
Olav Thon har betalt 1,4 milliardar kroner for 60 prosent eigarandel i Sartor Storsenter AS. Utan ein slik solid eigar i ryggen, ville ikkje den siste utbygginga ha blitt verkeleggjort.

Tredje byggesteget av Sartor Storsenter AS som opna i dag omfattar 11.000 kvadratmeter og gjev plass til 22 nye butikkar.

Største eigar
Største eigar opningsdagen er Olav Thon Eiendom ASA, med 60 prosent. Einarsen- og Rennedalfamiliane, dei lokale investorane bak etablerarselskapet Sartor Holding AS, kontrollerer framleis 40 prosent av verdiane.

Utan ein slik kapitalsterk investor på laget ville ikkje den siste utbygginga ha kunna blitt realisert.

Største einskildinvesteringa
Den børsnotrert eigedomsgiganten kjøpte seg i fjor opp frå 35 til 60 prosent eigarandel i Sartor Storsenter AS. Totalt har Thon betalt 1,4 milliardar kroner for inngangsbilletten til det som no er blitt største kjøpesenteret i Bergens-området, målt i kvadratmeter, viser årsrapporten for 2015.

Investeringane i tilknyting til Sotrastrilen sitt handlesenter var dei største det børsnoterte eigedomsselskapet gjorde i fjor.

For 60 prosent av aksjane i Sartor Senter AS måtte Thon ut med 994 millionar kroner. Ytterlegare 303 millionar gjekk med til å kjøpa ein tilsvarande andel av Straume Parkering AS.

Held rekninga hemmeleg

Sartor Storsenter slik det tek seg ut frå Sartorvegen. Andre byggjesteget vart opna sist haust.
Sartor Storsenter slik det tek seg ut frå Sartorvegen. Andre byggjesteget vart opna sist haust.

Kva denne siste utbygginga har kosta, går investorane ikkje ut med. At Thon så langt har betalt over to milliardar for kjøpesentereventyret på Straume, kan det ikkje vera nokon tvil om.

Ved årsskiftet hadde Sartor Storsenter AS ein balanseført verdi på 523 millionar kroner.

Langsiktig engasjement
Olav Thon Eiendom ASA har kjøpesenter og næringseigedom som viktigaste satsningsområde. Konsernet henta i fjor 1,5 milliardar kroner i leigeinntekter frå den norske kjøpesenterverksemda.

Olav Thon sitt engasjement på Sotra går langt tilbake. Første gong det børsnoterte eigedomsselskapet kasta augo sine på Fjell og Sartor Senter, var i 2004. Då kjøpte dei Liegruppen sine eigarandelar i det som til då hadde vore eit lokalt handlesenter.

Les: Fest i lånte fjør

 

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s