For få eldre i Fjell

Fjell er ein ung kommune. Så ung at vi risikerer å tapa 17 millionar når staten om to år tilpassar inntektssystemet i samsvar med den aldersmessige utviklinga i landet generelt.

Regjeringa si varsla omlegginga av rammeoverføringane til kommunane vil ramma ein ung kommune som Fjell hardt.
Regjeringa vil leggja om rammeoverføringane til kommunane i samsvar med den aldersmessige utviklinga i befolkninga. Det kan  ramma ein ung kommune som Fjell hardt.

Norge får stadig fleire eldre, sett i forhald til fødselstal og talet på vaksne i arbeidsfør alder.

Låg eldreandel
KOSTRA-tala avslører at Fjell er ein av dei yngste kommunane i landet. Fjell er den kommunen i region vest som har den lågaste andelen av innbyggjarar over 80 år. Berre 2,3 prosent av fjellsokningane er i denne alderen, samanlikna med 4,2 prosent i Øygarden.

I Askøy, som vi ofte likar å samanlikna oss med, er 2,8 prosent av innbyggjarane 80 år eller eldre.

Åtvara mot eldrebølgja
I Fjell har rådmann Steinar Nesse likevel i fleire år åtvara mot eldrebølgja. Han har frykta dei kostnadane den kan koma til å krevja for å dekkja eit veksande behov for omsorgstenester i siste delen av livet.

No kan situasjonen vera i ferd med å snu.

Set meir pris på dei eldre
Nøkkelen for dei statlege rammeoverføringane vil verta radikalt endra dei komande åra, åtvara Nesse då kommunestyret i dag behandla økonomirapporten for første tertial.

I samsvar med den aldersmessige utviklinga i landet generelt, ønskjer Regjeringa å setja større pris på dei eldre, bokstavleg talt.

-Stortinget har vekta opp talet på eldre, og vekta ned talet på unge i dei einskilde kommunane, sa han.

Ting endrar seg fort
– Fjell har veldig mange unge. Alt i 2018 risikerer vi å mista 17 millionar kroner som følgje av endringane i dei statlege rammeoverføringane, seier Nesse.

Rådmannen vel likevel å vera optimist:
– Ting endrar seg fort. Vi er alt i gang med tiltak for å bringa oss i posisjon til å handtera dei framtidige utfordringane, seier Nesse.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.