I kø for jobb hos Rusta

Rusta kan velja og vraka mellom sotrastrilar som ønskjer jobb. I september opnar varehuskjeden ny butikk i Sartorparken.

Etableringa på Straume vert den andre i Hordaland og den 12. i Norge for varehuskjeden som freistar med varer til heim og fritid til lave prisar.

Les: Lovar 15 – 20 arbeidsplassar på Straume

Til dei 15 – 20 nye arbeidsplassane på Straume har det meldt seg heile 341 søkjarar, fortel Thomas F. Erlandsen som er Norgesansvarleg for Rusta.

Attraktiv arbeidsplass

- Dei mange søkjarane viser at Rusta vert oppfatta som ein attraktiv arbeidsplass, seier Thomas F. Erlandsen som er dagleg leiar for varehuskjeden i Norge.
– Dei mange søkjarane viser at Rusta vert oppfatta som ein attraktiv arbeidsplass, seier Thomas F. Erlandsen som er Norgesansvarleg for varehuskjeden.

– Rekrutteringa har gått over all forventing. Konseptet har blitt godt motteke. Rusta vert også oppfatta som ein attraktiv arbeidsplass. Det synes vi er veldig hyggeleg, seier Erlandsen.

Opninga på Straume skjer to år etter at kjeden vart introdusert i Norge. Alt eitt år etter opninga passerte kjeden ein million kundar. I dag har dei meir enn 140 tilsette og disponerer 16.000 kvadratmeter salsareal, fortel Erlandsen.

Etterspørsel over all forventning
– Norgeslanseringa har vore ein braksuksess så langt. Etterspørselen etter produkt til lave prisar til heim og fritid har vore enno større enn vi venta, seier Erlandsen, som ser fram til å helsa velkomen til nytt varehus på Straume i september.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.