Tek frå ein grunneigar og gjev til ein annan

At kommunestyret tek jord frå ein grunneigar og gjev til ein annan er spesielt. Det var likevel eit samrøystes kommunestyre i Fjell som vedtok reguleringsplanen for erstatningstomt for golfbanen på Kolltveit. At vedtaket opnar for ei framtidig ekspropiasjonssak tok dei ikkje omsyn til.

Fleire av hola på golfbanen på Kolltveit vert tekne av traseen til det nye Sotrasambandet.
Fleire av hola på golfbanen på Kolltveit vert tekne av traseen til det nye Sotrasambandet.

 

(Saka er oppdatert)

Golfbanen på Kolltveit ligg utsett til for traseen til det nye Sotrasambandet. Fleire av hola ryk med når det nye veganlegget skal verkeleggjerast. Spørsmålet om erstatningsjord til golfklubben har vore eit heitt tema gjennom heile reguleringsprosessen.

Reguleringsplanen for erstatningsområdet vart behandla av kommunestyret denne veka.

Behalda eigedomsretten
– Saka er spesiell. Her tek vi frå ein grunneigar og gjev til ein annan. Her bør vi freista finna ei ordning der grunneigar får behalda eigedomsretten, i tilfelle golfbanen skulle verta nedlagt, opna Jon Inge Matre (H).

Matre sin uro er ikkje gripen ut av lause lufta. Arealet som er tenkt som erstatningsjord er avsett til LNF i arealplanen. Ved ein eventuell ekspropiasjon vil dei 33 måla verta verdsette deretter. Men golfbanen ligg inneklemt mellom husa i den raskt veksande tettstaden. Det er difor eit realistisk scenario at heile området med tida vil verta omgjort til kostbart byggjeland.

Andre stadar, mellom anna i Os, har dei løyst grunneigarsprøsmålet gjennom langsiktige leigeavtalar.

Les: – Gard skal det bli!

Ikkje allergisk, inhabil
– Eg er ikkje allergisk mot å ekspropiera, men i dette tilfellet finst det ei anna løysing. Ein kan gå på vestsida av den nye vegen, men der er det byggjeforbod, rakk Olav Kobbeltveit (V) å seia før kommunestyret erklærte han inhabil – bror hans, Johannes Kobbeltvedt, er ein av dei grunneigarane som vert fråteken jord som følgje av det nye Sotrasambandet.

– Dette er ei reguleringssak. Vi skal ikkje ta nokon ting. Høgre lukkar ikkje augo. Ei reguleringssak skal ikkje leggja føringar for det som skjer i ettertid. Det er ikkje vår oppgåve å vurdera næringsinteresser opp mot kvarandre, insisterte Helena Morland Hansen (H).

Flyktige intensjonar?
Daniel Victor Sandvik (FrP) viste til at det har vore få ekspropiasjonssaker i Fjell, og at partiet har stemt nei i slike situasjonar. Han måtte likevel få uttrykkja ein skepsis til Høgre:

– Eg tvilar på om Høgre sine intensjonar vil følgja saka så veldig lenge. Kva om golfbanen vert nedlagt? Om dei først får området, tvilar eg på om dei gjev slepp på det. Eg føreslår at golfbanen får ein 50 års leigeavtale, sa Sandvik.

Hypotetisk løysing
– Vi kunne ha løyst dette ved å nytta andre sida av vegen. Signala frå fylkesmannen tilseier likevel at det vil vera hypotetisk å trekkja fram ei slik løysing no, innvendte Tom Georg Indrevik (H).

Varaordføraren la ikkje skjul på at dette er ei veldig komplisert sak. Saka er ein følgjeskade av å byggja ein veg. Signal som politikarane gjev no er viktig. Politikarane behandlar reguleringsplanen, og berre det.

Signal til vegvesenet
– Reguleringsplanen har ingenting med eigarskap å gjera. Her finst det vegar ut. Statens vegvesen som skal skaffa erstatningsgrunn, kan leiga, dei kan bygsla på åremål eller dei kan få med i avtalen ein klausul om tilbakeføring. Dei kan finna løysingar også for dei som eig grunnen, hevda Indrevik.

– Vi gjev eit underliggjande signal til Statens vegvesen. Om dei ikkje har funne løysing, og kjem tilbake og ber om ekspropiasjon, må dei ha vurdert alle andre løysingar først, la Indrevik til.

– Sotrasambandet er viktig
Sandvik var framleis skeptisk:
– Er det ikkje slik at i den augneblinken vi har vedteke reguleringsplanen, så kan vegvesenet bruka han til å ekspropiera? Om vi vil at Statens vegvesen skal gjera noko anna enn å ekspropiera, så må vi vera veldig tydelig på det.

– Sotrasambandet er viktig for oss. Det er ikkje utan grunn vi set fokus på denne avtalen. Ekspropiasjon er ikkje det som er intensjonen, men å få til ein avtale, utdjupa Henning Ekerhovd (Ap).

– Ei detaljregulering legg grunn for at Statens vegvesen kan ekspropiera for vegen, ikkje for å kompensera for grunn som vert tapt som følgje av vegen, meinte Helena Morland Hansen.

Privatrettslege konsekvensar
Svein Bergh (Sotralista) var klar over at han var med på å behandla ein detaljreguleringsplan, og at kommunestyret no hadde kome inn på dei privatrettslege konsekvensane av planen.

– Å gje noko signal no om å støtta eit eventuelt ekspropisjonsvedtak i ettertid, er ikkje Sotralista villig til å gå inn på i dag. Kommunestyret må eventuelt få ei ny sak om ekspropiasjon. Når kommunestyret legg så klare føringar som vi gjer i dag, bør Statens vegvesen vera klar over kva vi legg til grunn, sa Bergh.

Les: Ekspropierer på vegne av privat utbyggjar

Fekk orientering frå kommuneadvokaten
Dei av politikarane som måtte huska så langt tilbake som til møtet i mai, fekk vonaleg også med seg kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal si orientering om nettopp ekspropiasjon.

Hovudbodskapen til kommuneadvokaten var tydeleg: Dersom kommunestyret vedtek ein reguleringsplan, må politikarane også vera førebudde på å ekspropiera grunn, dersom det er naudsynt for å verkeleggjera planen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.