Havnesamarbeidet er i havn

Utsiktene til å få konkurrerande havneselskap i nabokommunane fekk byrådet i Bergen til å redusera på krava til eit nytt, felles havneselskap.

Utsiktene til å tapa trafikk til konkurrerande havneselskap i nabokommunane fekk Bergen til å snu i havnesaka.
Utsiktene til å tapa trafikk til konkurrerande havneselskap i nabokommunane fekk Bergen til å snu i havnesaka.

Bølgjene om organiseringa av havnevesenet i Bergensområdet har gått høge siste åra. Før helga kom meldinga om at Bergen og dei ti nabokommunane omsider har blitt samde om ein intensjonsavtale for eit framtidig havnesamarbeid.

Les:  Krev fortgang i havnesamarbeid

Persontransport
Med tanke på framtida, er tredje avsnittet i føremålet kanskje det mest interessante med heile avtalen. Selskapet skal fremma sjøvegs transport av personar og gods som ein effektiv, miljøvenleg og framtidsretta kommunikasjonsform. Dei skal og arbeida for å leggja tilrette for effektiv samhandling med andre transportformar.

Formuleringa peikar utover Hurtigruten, cruisetrafikk og snøggbåtar til Sunn- og Nordhordland.

Bybane på sjø
Med Askøy som ein av dei større eigarane, er det all grunn til å tru at konseptet ”Bybane på sjø” kjem til å bli eit heftig debattert tema på styremøta i det nye selskapet. Den viktigaste infrastrukturen – sjøen – ligg der. No har kommunane fått på plass eit felles selskap som kan driva overordna planleggjing.

Les: Prioriterer kollketiv og båt på topp

Sentrale aktørar
Kommunane i region vest vert sentrale aktørar i det nye samarbeidet. Det vert lagt opp til at Fjell får 11 prosent eigarandel, og må betala inn 1,1 millionar kroner i eigenkapital. Øygarden skal eiga åtte prosent og må ut med 800.000 kroner. Askøy får fem prosent, og betalar 500.000. Sund skal eiga ein prosent, og må ut med 100.000 kroner.

Eigarandelar
Kravet til samla eigenkapital er redusert frå opphaveleg ein milliard til 10 millionar kroner.

Avtalen tek utgangspunkt i dagens havneanlegg i medlemskommunane. Bergen har redusert kravet til eigarandel frå 70 til 50 prosent. Lindås vert nest største eigar, med 16 prosent.

No ser det ut til at striden om aksjekapital og eigarandelar har funne ei løysing som kan aksepterast av alle partar. Det skulle ein ikkje trudd for eit år sidan. Så heftig var diskusjonen at både Fjell og Lindås truga med å etablera eigne havneselskap.

Les: Vil etablera eige havneselskap med Lindås

Byutvikling på Dokken
Intern strid i Bergen om eigarskapet til viktige havneområde, må også ta mykje av skulda for at det har drege ut i tid. Med intensjonsavtalen verkar det som om den diskusjonen er tilbakelagt, og at byen no får frigjeve eit stort område på Dokken til ei lenge etterlyst byutvikling.

Manglar politisk fortøyning
Hanvesamarbeider ser ut til å vera i havn. Men det er ikkje fortøyd enno. Over sommaren skal intensjonsavtalen til politisk behandling i dei elleve kommunane.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.