Fleirtal for samanslåing i alle tre kommunane

I Fjell sa dei samrøystes ja til kommune-samanslåing. I Sund har 18 sagt ja – tre har stemt mot. Ikkje uventa var motstanden sterkast i Øygarden. Her var det 15 som stemte for og åtte som stemte mot.

Dette er den avgjerande dagen for kommunereforma i Fjell, Sund og Øygarden. Formannskapa i alle dei tre kommunane har tidlegare sagt ja til ei samanslåing. No er det opp til kommunestyra å følja opp – eller seia nei.

Måtte ta teknisk pause inner innleiinga.
Ordførar Børge Haugetun måtte ta ei teknisk pause under innleiinga. Størst usikkerhet er det knytta til utfallet i Øygarden.

 

 

 

 

 

 

 

Etter eit kort gruppemøte er det no klart for avstemming i Øygarden. Her kan ein enten stemma ja for intensjonsavtalen, eller seia nei.

Øygarden vedtok kommunesamanslåing mot åtte røyster: Ap 6, Sv 1 og TVØ 1.

Nedanfor kan du lesa eit referat frå heile debatten i Øygarden:

Det er spent steming i kommunestyresalen før ordførar Børge Haugetun startar namneoppropet.

Ein av dei mest markerte motstandarane, Espen Harkestad (Ap) har meldt forfall.

Innleiing av ordførar Børge Haugetun: Eit vanskeleg val – utfallet vil verta viktig for framtida. Sjå på historien. Oppretting av Øygarden i 1964, eit rett vedtak. Hadde nett fått straum. Skulereforma – la grunnlag for ungdomsskulane. Hadde såvidt starta veibygging kring om i kommunen. Hadde fått dei første bruene som knytta saman vegnettet. Å knyta saman kommunen – ein krevjande prosess. Har etterkvart vakse saman som god kommune. Ein ganske annan økonomisk situasjon samanlikna med tida då var del av Ytre Herdla.

Klarte å få Sture-terminalen – grunnlag for dagens Øygarden. Gradvis snudd befolkningsnedgang til folkevekst. Med Kollenes kom det betydelige inntekter, starten på eit moderne tenestetilbod. Har fått på plass betydeleg sentralisert desentralisert tenestetilbod.

Spørja oss: vil denne kommunen tena oss like godt dei neste 50 åra?

Norge ikkje lenger annleislandet som kan leva godt av olja. Noko av endringane har vi alt sett i pensjonsreforma. Vi må stå lengre i arbeid enn vi er vant til.

For oss handlar dette om dei rammevilkåra som Øygarden vil få. Dei vanskelige vala vert opp til den einskilde politikar. Eit nytt inntektssystem – vekta kommunane etter parametre. Øygarden vil vera frivillig liten i statens sitt perspektiv.

Avgjerande viktig kva som vil skje i vårt nærområde. Nordhordland, vil ikkje få den store samanslåinga det ei stund såg ut til. Truleg samanslåing Lindås, Meland og Radøy seinare denne veka. Vil kunna opptre som ei sterk kommune for framtida. Enno viktigare er det som har skjedd i Fjell og Sund. Godt samarbeid. Det Sund gjorde er viktig for oss, og omvendt. Overraska over det store ja-fleirtalet i Sund. Ikkje overraska over nei i Øygarden. Overraska over at nei-fleirtalet var såpass lite. I statistisk samanhang ikkje eit klart nei.

Varaordførar Atle Dåvøy fungerer som ordstyrar. Det er ikkje sett noko lenge på innlegga.

Andre stadar legg dei ned helsetenester. Her vest har vi klart å henta ned andre tenester. Til no har Fjell vore raus. Det gjer oss sårbare, i tilfelle det vert ei anna ordning der vi må betala per innbyggjar. Er på veg inn i stadig fleire samarbeid. Legevakt. På veg inn i interkommunalt samarbeid innan brannvesenet. Veit vi er sårbare innan barnevern og PPT, IT og økonomi.

Større fagmiljø, vil gjera oss mindre avhengig av konsulentar. Hittil i år brukt så mykje på konsultentar, om held fram ut året, nå eit tosifra tal millionar.

I eit langsiktig perspektiv vil vi vera avhengig av eit større samarbeid. Vil klara oss godt neste fire åra, truleg også lengre.

Uansett kva nokre av oss sa før denne prosessen: Det er lite sikkert at vi vil klara oss aleine i lang tid. Det er no den nye kommunen vert bygd. Vanskeleg for Øygarden å koma inn på eit seinare tidspunkt.

Eit ja her i dag er eit ja til framtida. Vi vil verta den nest største kommunen i Hordaland, og har alle føresetnadar for å lukkast.

Aud Karin Oen: Sjå til Austevoll. Dei går så det susar. Tenester kan vi få fleire stadar.

Børge Haugetun: Tenestene treng ikkje gjerast fleire gongar. Ville nok fått større fleirtal for nei ved ei folkerøysting. Kan og tenkjast at terskelen for å gå hadde vore lavare. No veit vi kva alle meinar.

Austevoll? Ein kommune i særstilling. Har vore veldig flinke med effektivisering. Har dessutan stor andel relativt velståande innbyggjarar. Har mykje kapital hos innbyggjarane. Ikkje representativ for alle kommunar i Norge. Er dessutan så heldig å vera ufrivillig liten.

Atle Dåvøy: Tida tyngjer. Ikkje noko einkel sak. Det bør det vera i ei slik alvorleg sak. Vi har lytta til folket si røyst, på ulike media, på ulike frekvensar. Har lytta til den argumentasjonen som har kome fram. Mykje vert usikkert framover. Ikkje minst korleis ein ny storkommune vil innretta seg.

Synes vera brei politiske semje i Norge om at vi skal redusera talet på kommunar. Hadde håpa eg kunne stå her i dag og seia at Øygarden vil klara seg aleine. Eg kan ikkje gjera det. Bakgrunnssignala har endra seg dramatisk. Oljeprisen. Sett enno meir press på reformprossessen, slik vi ser det. Eldrebølgja vil skapa store utfordringar for oss som kommunar. Mange av dagens gunstige ordningar vil verta sett på prøve. Prosessen har alt starta.

Ei fylkesreform er på trappene. Gjer seg rusta til å påta seg større oppgåver. KrF positiv til større regionar. Ser ut til at Øygarden vil verta frivillig liten, med dei sanksjonane det vil medføra. Vil ikkje vera noko vi kan leva vidare med.

Uansett på eit eller anna tidspunkt medføra store nedtrekk for Øygarden kommune. Vi er sårbare for tenesteproduksjonen vår. Vil vert sett store krav til effektivitet og spesialisering. Har alt mykje samarbeid med Fjell. I dag betalar vi omlag kostpris. Øygarden kan ikkje rekna med å verta subsidiert i framtida.

Når det gjeld lokaldemokratiet, er eg enig med dei som meinar det vert svekka med auka avstand til politikarane. Øygarden vil få svekka representasjon i ein framtidig kommune.

Utkantane bør ikkje verta eit nytt Straume. Det er opp til oss å ta vare på Øygard-kulturen. Trur ein ny kommune vil vera mest bærekraftig. Overtydd om at vi skal få til. Ansvaret for å ta avgjerd ligg på oss. Vi er vald av folket til å ta denne beslutninga. Etablera ein ny og slagkraftig kommune her i vest, med dei ressursane vi saman har. Øygarden KrF seier ja.

Informasjon frå Børge Haugetun: I Fjell har dei samrøystes vedteke å seia ja. I Sund har 18 sagt ja og tre stemt nei.

Aud Karin Oen (SV) er ein heilhjarta forsvarar for dagens Øygarden og kvaliteten på dei tenestene kommunen leverer.
Aud Karin Oen (SV) er ein heilhjarta forsvarar for dagens Øygarden og kvaliteten på dei tenestene kommunen leverer.

Aud Karin Oen: Kva er det som får folkevalde, ja eg seier folkevalde, til å tru at dei veit betre enn dei som har valt dei? Kvar kjem den blå-blå arrogansen frå?

Erfaringa frå Danmark viser det motsette. Topplønene har auka, tenestene har blitt dårlegare. Vi får ikkje betre skular, barnehagar eller meir vegar fordi om vi legg ned kommunar. Vanskelig å sjå kva dei skal kunna spara. Ingen har så langt snakka om å gje innbyggjarane eit dårlegare tilbod.

Skal vi tru på brukarane av tenestene, så er tenestene betre i små kommunar. Undersøkingar viser at borgarar i små kommunar føler seg betre ivaretekne enn dei som bur i store kommunar. Det gjeld og barnevern. Mykje kan løysast gjennom interkommunale tenester.

Erfaringane frå Danmark viste at valoppslutninga dalte betydeleg etter kommuensamanslåinga. Kvifor ønskjer vi at innbyggjarane skal få mindre medverkad på liva sine? Tenestene er oftast dårlegare i store kommunar, trurleg på grunn av privatisering. Offentleg tenester er ein pengebinge som dei private gjerne vil ha tak i.

Dette er ei sak der ein står på valprogrammet. Dette er ei sak der ein står på det som står på valprogrammet. Eg stemte på deg som ordførar. Når eg no høyrer på deg; det kan ikkje verta stort verre å verta styrt frå Straume.

Børge Haugetun: Dette er kommentarar som dels går på det einskilde representantar har sagt. Det er grenser for kva ein kan seia om resultatet av ei innbyggjarundersøking.

Vi drog på studietur til Danmark. Ekspertane i danske KS kjenner seg ikkje att i påstandane om at det har vore ein mislukka reform i Danmark.

Dette er ikkje ein tvungen kommunesamanslåingsprosess. Vi har forhandla oss fram til ein avtale. Dette er det mest ekspansive progammet til TVØ. Skal ikkje koma inn på kvifor det har blitt som det har blitt.

Andreas Kallekleiv (H): Må korrigera Aud Karin Oen. Dette er ikkje berre snakk om den blå-blå regjeringa. Det er like mykje snakk om Stortinget. Enig i at det ellers vanskeleg å tyda kva Arbeidarpartiet meinar.

Sylvia Haugland (TVØ): Heldigvis lov å ombestemma seg. Dette er ein ganske tøff beslutning. Å snu i forhald til sitt eige program. Dette er først og framst ein nærteneste-reform. Teneste som innbyggjarane brukar til dagen, skal også vera der dei er i dag. TVØ seier ikkje tenestene er for dårlege. Vi seier vi er for sårbare. Øygarden har gode tenester, det er sårbarheten vi er bekymra for.

Aud Karin Oen (SV): Det har ikkje tilfalt meg informasjon om at nabokommunane vil seia opp interkommunale samarbeid. Det vil i så fall vera alvorleg. TVØ har ikkje stått på det dei sa. Om det vart ei tvungen kommunesamanslåing, var det det då de ville ha ei folkerøysting?

Eg har og vore på studietur i Danmark. Så på infrastrukturen.

Fritz Fjeldstad (Ap): Eg føl på engasjementet. Har teke med meg nokre fuskelappar. Kommunestrukturen var sentral i valkampen. Har vore ein lang prosess, veit ikkje om har har vore lang nok. Har brukt mykje tid, særlig i det siste, på å setja meg inn i saka. Dess meir eg les, dess meir sikker vert eg på at dette ikkje er noko god løysing. Finn ingen dokumentasjon på betre tenester. Finn derimot auka sentralisering, nedlegging av skular og barnehagar, auka demokrati.

Lar meg ikkje skremma. Kjøper ikkje argument om eigedomsskatt og auka utgifter. Trur ikkje vi vil stå så mykje svakare. Vil at vi i Øygarden skal styra prosessane sjølv. I neste omveg kan det koma press om samanslåing med Bergen, slik Askøy opplever no. Er mot kommunesamanslåing. Eit synspunkt eg delar med 52 prosent av innbyggjarane. Har ikkje opplevd nokon har stilt spørsmål ved ja-mindretalet. For meg og Arbeiderpartiet er det for mange usikkerhetar til at vi kan seia ja her i dag.

Børge Haugetun: Dette er ikkje ein prosess styrt av frykt, men av kva som tenar innbyggjarane i Øygarden i det lange løp. Særleg når dei to andre kommunane har sagt ja. Vi kan ikkje lausriva oss frå dei, eller neglisjera dei tala eldrebølgja vil innebera for Øygarden.

Er heilt sikker på at vi har vore med på det rette valet, og at ettertida vil gje oss rett på det. Ikkje ut frå frykt, men fordi det er det beste løysinga.

Aud Karin Oen: Nesten berre å seia Amen etter Arbeidarpartiet sitt innlegg. Spørsmål til ordføraren; vert det færre eldre om det vert større kommunar?

Børge Haugetun: Ressursgrunnlaget vert det same, men vi får ei meir hensiktsmessig fordeling. Mindre byråkrati i ein kommune enn i tre.

Per Morken (Ap): Har fått ein grundig omtale av prosessen i Arbeidarpartiet. Dei som har følgt med, veit at eg har hatt ei anna tilnæring. Når eg no stemmer saman med gruppe, er dei ikkje fordi eg lar meg tvinga. Når eg vil seia nei, er det etter veldig lang og grundig prosess.

Eg har ei bekymring etter denne prosessen, fordi meiningsmålinga, nokre kallar det innbyggjarundersøkinga, eg er grunleggjande skeptisk til meiningsmålingar. Det som har kome fram, har blitt hekta på einskildpersonar. I denne saka synes eg ordførararen har stått veldig rakrygga. Er veldig uenig i det meste, men eg synes ordføraren har vore sakleg, og at han har gjort ein grundig jobb.

Tilbake til kvifor eg vil stemma saman med gruppa mi. Hadde eg trudd dette var ei så dramatisk beslutning som jasida hevar, hadde eg kanskje skifta meining. Vi har ein felles bu- og arbeidregion her. Har jobba i Fjell. Har grunnleggjande tillit til folk på andre sida av brua. Trur ikkje dei vil mishandla oss, trur dei vil behandla oss på sama måten som tidlegare. Er nok eindel i Fjell og Sund som er er grunnleggjande usamde med. Eg har fått aukande respekt for deira argumentasjon. Det er mogeleg å ombestemma seg på eit seinare tidspunkt.

Har inntrykk av at ein stemmer etter at ein har hatt prosessar i partiet. Det er slik demokratiet fungerer. Har andre erfaringar. Sjølv i samanhangar der det har vore 80 prosent fleirtal, så forbeheld partia seg retten til å stemma annleis.

Har fleire erfaringar med at meiningsmålingar ikkje er bindande. For meg er det partibehandlinga som har vore avgjerande. Eg er det av eit parti. Partipolitikken er avgjerande i den politiske prosessen. Så får vi sjå om det kan koma opp att på eit seinare tidspunkt.

Børge Haugetun: Vil heller framheva kor rause Fjell har vore. Om dei slår seg saman med Sund, spørsmål kor store kostnadar skal ta på seg. Dei betalar det same, uansett om vi er med eller ikkje. Dei har vore veldig rause. Det kan vera aktuelt å senda oss ein faktura, har det kome oss for øra.

Eilert Hellesøy (KrF): Passar bra å setja strek etter meg.

Frykt, vert nytta frå begge partar. Det synes eg vi kan spara oss for. Alle vi er redde for at vi skal ta feil avgjerd. Er sikker på at vi alle har gjort eit solid stykke arbeid. Realiteten er at vi må tippa kva resultatet vert, uansett.

Vi er valt inn her. Dei trur vi er rusta. Alle viste at denne saka kom. KrF har hatt medlemsmøte. Sa eit klokkeklart ja.

Så lenge du har gjort alt du kan for å samla inn informasjon. Det er ikkje mulig å seia at du har teke feil avgjerd. Om du erfarar noko anna om 10 eller 15 år, det er ikkje mulig å seia at du har teke feil avgjerd.

Aud Karin Oen: Det er ikkje sikkert at vi i Øygarden har forvalta eigedomsskatten vår på beste måte for regionen. Sjølv om Fjell har måtta teke mange ulemper, så har dei også fått tillagt mange arbeidsplassar. Øygarden har fått bandlagt store areal. Dei 400 andre kommunane i landet som ikkje har same eigedomsskatten, dei klarar seg dei og. VI kunne ha gjort det same.

Austevoll: Sjå på selskapsskatten, den skal no følgja hovudkontora. det er noko vi kunne teke med oss til Stortinget og fått gjort noko med.

Andreas Kallekleiv: Då eg vart med i Høgre i 2011, hadde eg ikkje sett for meg at eg fem år seinare skulle stemma for ei kommunesamanslåing. Ved valet 2015, fekk med ikkje til å seia at eg var mot ei kommunesamanslåing.

Budsjettprosessen ein augeopnar. Det er eit behov for større og betre fagmiljø enn i dag. Meir spesialiserte stillingar enn i dag. Trur på meir attraktive arbeidsplassar. Vi konkurrerer med Bergen og Fjell. Reisevegen er ein ulempe. Vil få ei meir heilskapleg samfunnsutvikling. Ser kor lite Øygarden har å seia for det nye Sotrasambandet, det gjeld også nord – sør- aksen. Vi er heilt prisgitt Fjell.

Sjølv om vi er ein mellomstor kommune, klarar vi ikkje levera dei tenestene innbyggjarane forventar. Kommunane vil få enda fleire oppgåver i framtida. Vi vil også få stadig fleir eldre. Vi vil også få mindre pengar å rutta med. Det trur eg også gjeld Øygarden. Trur ikkje vi vil få behalda den store pengesekken vi har i dag. Lite truleg at vil vera over 350 kommunar i 2030. Lettare å oppnå vårt potensial som stor kommune enn det vi gjer i dag. Kommunebarometeret viser at vi i dag ikkje skårar særleg høgt, unnataket er innan eldreomsorg.

Det har vore nevnt at vi vil få eit demokratitsk underskot i den nye kommunen, eg som politikar lovar at eg vil vera like oppteken av tofterøy, lokøy og Straume i ein nye kommune. Alt på fredag vil eg ta ein tur rundt i min nye kommune, det er min næraste sommarferieplan.

Aud Karin Oen: Ingen tvil om kva Kallekleiv sitt parti meinar sentralt. Eg trur at tre ordførarar her vest kan få til meir enn ein. Sotrasambandet – det er Statens vegvesen som dominerer denne prosessen.

Eg har budd i denne kommunen dobbelt så lenge som Kallekleiv, og eg er usamd i at vi leverer dårlege tenester. Sjå på Fedje som nett fekk pris som landets beste kommune.

Svein Berger Bjørge (FrP): Som FrP-ar ikkje samd med partiet sentralt. Gruppa har diskutert dette. Eg vil stemme med hjernen og ikkje med hjarta.

Geir Vik (TVØ): Sjå på dagens kunngjering om framtidig utbyggig på Troll. Om ein mann er ein mann, og eit ord er eit ord, så reiser vi i TVØ oss i dag og stemmer nei.

Børge Haugetun: Ein lang og god debatt, som belyser ytterpunkta. Ein debatt som viser kor tung denne beslutninga er.

Vi har ikkje bunde gruppa i TVØ. Ordføraren i Øygarden har mange gongar talt Lars Sponheim midt i mot. Ein mykje grundig prosess som ligg bak det standpunktet vi har landa på. TVØ er i prinsippet mot kommunesamanslåing. Har ikkje stått i TVØ sitt program at her skal grensa gå. Det var ei overskrift i Tunnelsyn.

Er overbevist om at dei som stemmer nei i dag, vil sjå at det er ei framtidsretta beslutning. Finst ikkje nokon utkant i desse kommunane. Vi er alle ein del av eit viktig område innan olje og akvakultur.

Nye Øygarden kommune. Eg er sikker på at det er det som er framtida. Eg ønskjer å vera med frå starten av. Eg kjem til å stemma ja.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.