52.300 øygardsstrilar i 2040?

Det er knytt stor usikkerhet til folkeveksten dei komande 15 åra. I 2040 kan nye Øygarden kommune ha så mange som 57.600 innbyggjarar – eller vi kan vera berre 48.200.

Ei aukande sentralisering i storbyområda medfører at heile Bergensområdet kan forventa ei sterk folkevekst i åra framover, ifølgje SSB.

Det er dagens innbyggjartal, kombinert med veksten siste 15 åra, som ligg til grunn når SSB framskriv folketalsveksten. Dei siste prognosane som vert offentleggjorde i dag, skisserer tre ulike utviklingsbanar for kvar av dei tre kommunane; lav folkevekst, høg folkevekst, eller noko midt i mellom.

Ved middels sterk vekst kan nye Øygarden kommune ha 13.500 fleire innbyggjarar i 2040 enn dei tre kommunane til saman har i dag. Det tilsvarar ein vekst på heile 42,5 prosent. Samla folketal vil i så fall vera 52.300, ifølgje SSB.

Folkeveksten vert avgjort av tala på fødde, døydde, tilflytta og utflytta. Netto tilflyttinga omfattar også inn- og utvandring. Utviklinga i talet på arbeidsplassar, og tilbodet på bustadmarknaden, er ytre faktorar som påverkar resultatet.

Forskjellen mellom høg- og lågvekst scenariene for nye Øygarden utgjer heile 9.400 personar, ifølgje SSB. Ein usikkerhet tilsvarande oppunder 20 prosent.

Ser vi Fjell, Sund og Øygarden kvar for seg, føreser SSB ein prosentvis langt sterkare folkevekst i Fjell enn i Øygarden. Dette trass i at den faktiske utviklinga siste året viser noko anna. Ved å sjå dei tre kommunane under eitt, får ein vonaleg teke høgde for dei interne variasjonane kommunane i mellom år om anna.

Ved siste årsskiftet hadde dei tre kommunane til saman 36.700 innbyggjarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s