Investerte 65 millionar i forsking og utvikling

Oljeserviceselskapet Enhanced Drilling AS på Straume har utvikla ei løysing som gjer det einkelt å kontrollera trykket i boreholet. Oljeselskapa sparar millionar av dollar, samstundes vert det mogeleg å henta ut olje frå ”vanskelege” felt.

Harald Fiksdal (fv) og Andrés Escalante i Enhanced Drilling har måtta omstilla seg til ekstreme marknadstilhøve. Innovasjonane deira skal gjera oljeboring lønsam, sjølv med prisar under 50 dollar fatet.
Harald Fiksdal (fv) og Andrés Escalante i Enhanced Drilling har måtta omstilla seg til ekstreme marknadstilhøve. Innovasjonane til verksemda skal gjera oljeboring lønsam, sjølv om oljeprisen er under 50 dollar fatet.

Enhanced Drilling AS er ei teneste- og teknologiverksemd med hovudkontor på Straume, utskild frå tidlegare AGR Group ASA. Verksemda har spesialisert seg på å utvikla og levera tenester som foreinklar kritiske detaljar i boreoperasjonar utført frå flytande riggar.

Forsking og utvikling
Forsking og utvikling står sentralt. Rekneskapen for fjoråret viser at nærare 14 prosent av driftsinntektene – heile 65,7 millionar kroner – vart investerte i ulike innovasjonsprosjekt.

– Investeringar i avansert teknologi gjev ei total innsparing. For at oljeselskapa skal kunna driva lønsamt, er det viktig at dei investerer i utvikling av teknologi som kan utføra arbeidet på ein meir effektiv måte. Om dei einsidig kuttar kostnadar, klarar dei ikkje auka produktiviteten, seier innovasjonsleiar Harald Fiksdal i Enhanced Drilling AS til Tunnelsyn.no

Statoil på eigarsida
Utviklingsarbeidet skjer i tett samarbeid med oljeselskapa. Statoil, gjennom dotterselskapet Statoil Venture AS, har tru på innovasjonsevna til Enhanced Drilling og har kjøpt seg inn som minoritetseigarar i verksemda.

Største eigar er det private investeringsselskapet Altor Oil Service Invest AS.

Presisjon
For fagfolka i Enhanced drilling handlar det mest om presisjon:
– Mykje av det vi driv på med er meir presisjonskrevjande enn månelandingane på 1960-talet, smiler Fiksdal.

Mykje av F&U-konstnadane i fjor gjekk med til arbeidet med Managed Pressure Drilling (MPD). Utstyret som regulerer trykket i boreholet under boring er nyaste og mest avanserte innovasjonen oljeserviceverksemda i Smålonane har byrja kommersialisera.

– MPD ein unik måte å styra trykket i ein brønn under boring, hevdar Fiksdal.

Trykkontroll
Å ha nøyaktig kontroll av trykket i boreholet er ein av dei detaljane oljeselskapa er svært opptekne av. Vert trykket for stort, forsvinn kostbar borevæske ut i dei omkringliggjande formasjonane. Vert trykket for lite, risikerer dei at boreholet vert overfløymt med gass. I slike situasjonar tilseier omsynet til tryggleiken at dei må ta pause i boringa inntil gassen er lufta ut.

Utstyr som kan regulera trykket på væskesøyla i stigerøret, er Enhanced Drilling sitt svar på utfordringa.

– Dette er ein sikrare og meir kostnadsbesparande måte å bora på, samanlikna med konvensjonelle metodar, hevdar Fiksdal.

Gevinst
Gevinsten kan oljeselskapa henta inn på fleire område:

Med MPD vert det mogeleg å bora raskare og lengre enn med konvensjonell teknologi. Slik kan oljeselskapa spara dagar i kostbar riggtid. Sjølv i desse tider opererer flytande riggar typisk med rater på 500.000 dollar i døgnet, seier sals- og marknadsansvarleg Andrés Escalante.

Å bora ein brønn kostar gjerne fleire 100 millionar kroner. Då inneber ti prosent auke i effektiviteten store kostnadskutt, utdjupar Escalante.

Oljeselskapa vil også kunna henta ut meir olje, og dei vil kunna bora i ”vanskelege” formasjonar som ikkje kan produserast ved hjelp av konvensjonell teknologi, ifølgje Fiksdal.

Inntektene lar venta på seg
To brønnar vart bora med den nye teknologien i fjor. Etter pilotforsøka er MPD no kvalifisert mellom anna i henhald til Statoil sine krav.

Enhanced Drilling investerer motstraums. Så langt har ikkje investeringane i MPD vore nokon god butikk for oljeservicemyggen i Smålonane. Rekneskapen for fjoråret er prega av redusert oljepris og auka konkurranse samanlikna med 2014. Driftsinntektene enda på 473,7 millionar kroner. Resultatet før skatt vart minus 24,6 millionar. For morselskapet EDS Group AS enda underskotet på heile 144 millionar kroner.

Sikra lønsemd under 50 dollar
– Vi i Enhanced Drilling har måtta tilpassa oss til ekstremt utfordrande marknadstilhøve. Likevel opplever vi framleis ei sterk global interesse for tenestene våre frå nokre av dei viktigaste operatørane. Innovasjon vil framleis vera viktig for oss, og kundane skal framleis kunna operera med gevinst, sjølv om oljeprisen ligg under 50 dollar fatet, seier Fiksdal.

Internasjonal aktør
Enhanced Drilling er ein internasjonal aktør. Verksemda kan visa til eit mangeårig samarbeid med BP på gassfeltet Shah Deniz i Aserbajdsjan. Berre kring 20 prosent av inntektene kjem frå norsk sokkel. Mange av dei tilsette pendlar også til djuphavsfelta i Mexico-golfen.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s