Nytt felt i land til Sture-terminalen

Olja frå Vestflanken 2 vil verta ført i land til Stureterminalen i Øygarden. Statoil sin plassjef Olav Bådsvik jobbar iherdig for å finna enno fleire felt han kan kopla på dei eksisterande røyrleidingane.

Plassjef Olav Bådsvik har nett sikra at olje for ytterlegare 45 milliardar vert ført i land til Sture-terminalen i Øygarden.
Plassjef Olav Bådsvik har nett sikra at olje for ytterlegare 45 milliardar vert ført i land til Statoil sin terminal på Sture i Øygarden.

Utbyggingsplanen for Vestflanken 2 vart godkjend av Olje og energidepartementet sist veke.

45 milliardar kroner
Vestflanken 2 er eitt av den siste felta i Osebergområdet som står att å byggja ut. Operatørselskapet Statoil reknar at feltet inneheld 110 millionar fat olje. Verdiar tilsvarande vel 45 milliardar kroner, rekna med dagens oljepris og dollarkurs.

Feltet skal byggjast ut med ein ubemanna brønnhodeplattform, og ikkje som eit subsea-felt. Produksjonsstart er sett til 2018, og det er venta at feltet vil vera i produksjon til 2040.

Eksisterande infrastruktur
– Å ha dagens røyrleidningar er ein konkurransefaktor. Når olja frå Vestflanken 2 vert ført i land til Sture, er det mellom anna fordi vi har kostnadseffektiv og påliteleg drift på eksisterande infrastruktur, seier Statoil sin plassjef Olav Bådsvik til Tunnelsyn.no.

Forlenga levetid
Stureterminalen tek frå før mot kring 300.000 fat olje dagleg via røyrleidingar frå Oseberg, Grane, Veslefrikk og Brage.

– For Sture-/Kollsnesanlegga inneber Vestflanken 2 at vi vil ta mot meir olje. Vi kan oppretthalda eit høgare produksjonsnivå og forlengja levetida til Stureterminalen med enno nokre år, seier Bådsvik.

Nedleggingstruga
For få år sidan var Stureterminalen truga av nedlegging. I ettertid er det gjort vedtak om at olje frå Edvard Grieg og Ivar Åsen skal førast i land her, noko som har forlenga levetida til oljeilandføringsterminalen i Øygarden.

Les: Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes

Men Bådsvik og kollegaene hans har som mål å forlengja levetida til Stureterminalen ytterlegare. Plassjefen er optimist. Han har tru på at olje frå enno fleire felt vil verta ført i land til Sture:

– Statoil har framleis høg leiteaktivitet, understrekar han.

På informasjonsleit
– Statoil har ein høg prestasjonskultur. Kompetansen og kunnskapen til våre tilsette er i verdsklasse. I likhet med andre i næringslivet og i toppidretten lever Statoil av resultata sine, understerkar Bådsvik.

Plassjefen og kollegaene hans jobbar medvite for å få tidleg tilgang til informasjon som kan bidra til å sikra nye ilandføringsprosjekt til Øygarden.

Spela kvarandre gode
Å jobba i fellesskap med kolleger i andre operatørselskap, som Lundin og Det Norske, er ein del av oppskrifta. Minst to gongar i året deltek han i møte der ein på overordna nivå diskuterer utfordringar og jobbar for å skapa vinn-vinn situasjonar.

Både på Sture og Kollsnes er vi en del av en verdikjede. Vi må spela kvarandre gode, seier Bådsvik om tilhøvet til dei andre partnar og operatørselskapa på norsk sokkel.

– Ved å dela kunnskap og kompetanse har vi mogelegheit til å utvikla kvarandre og styrka konkurransekrafta. Ved å vera nyfikne på kvarandre, får vi også noko tilbake, understrekar Statoil sin plassjef for Sture-/Kollsnesterminalen.

Framtidsstudium
Eit studium om framtidsmogelegheitane til ilandføringsterminalen i Øygarden er under utarbeiding.

Sture- og Kollsnesanlegga vert drifta av same organisasjonen. Anlegga gjev fast arbeid til 340 personar. For tida er dessutan 200 – 250 personar innleigde på prosjekt.

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s