Brukar ferien til å læra matematikk

På Askøy har sommarskulen blitt ein tradisjon. Dette året har 13 ungdomar valt å sitja på skulebenken i ferien for å læra matematikk.

likning m ein ukjend utsnitt
Likning med ein ukjent er noko av det Elin Fadnes (fv), Inji Hamadu og Anniken Tvedt lærer på sommarskulen.

Sommarskulen er eit samarbeid mellom Hordaland fylke og Røde Kors. Askøy er ein av fem stadar i fylket der elevar og lærlingar i vidaregåande skular har tilbod om eit gratis ti dagars intensivkurs i matematikk denne sommaren.

Inji Hamadu tek helsefag på vidaregåande og treng ta opp att matematikken for å realisera planane om framtidig utdanning. Fire dagar ut i kurset rosar ho lærarane fordi ho opplever ho at ho verkeleg har lært noko:

Ros til lærarane
– Lærarane er utruleg flinke. Dei tek det steg for steg, og viser at dei verkeleg vil at vi skal læra og stå til eksamen, rosar Hamadu.

Intensivkurset opplever ho som svært ulikt den vanlege undervisninga. Om lærarane ser at det er noko du ikkje forstår, så får du hjelp. Dei tek det om att og om att heilt til det sit, forklarar ho.

Tre lærarar

Undervisninga skjer i grupper. Her avslører lærar John Kouassi nokre av matematikken sine grunnreglar for Elin Fadnes, Anniken Tvedt og Lajin Kamil.
Undervisninga skjer i grupper. Her avslører lærar John Kouassi nokre av matematikken sine grunnreglar for Elin Fadnes, Anniken Tvedt og Lajin Kamil.

På Askøy er elevane delt i to grupper: Den eine er for dei som går på yrkesfag, og som skal avslutta med eksamen. I den andre gruppa går dei som tek studiespesialiserande og som må gå opp til eksamen som privatist til hausten.

I motsetnad til vanleg undervising, er dei færre elevar, men heile tre lærarar i kvart klasserom.

Anniken Tvedt frå Sotra manglar berre avsluttande matematikk. På Askøy lærer ho det som er heilt grunnleggjande og som ho treng til eksamen. Fordelen med å ha tre lærarar i klasserommet er lærarane har tid til å forsikra seg om at alle elevane faktisk lærer det dei skal.

Askøy Røde Kors
Dette er åttande året at Askøy Røde Kors mønstrar ein stab av frivillige til leksehjelp og matlaging i samband med sommarskulen. Nokon av dei opnar også heimen og stiller som vertsfamiliar for deltakarar som Elin Fadnes frå Odda som treng ein stad å bu dei to vekene intensivkurset varar.

Frukost og lunsj

Dag Rune Strand er Røde Kors sin koordinator for frivillige på Askøy. Inger Karin Jakobsen, Gro Ekeland og Edel Sæhle sørgjer for at ungdomen får mat og omsorg.
Dag Rune Strand er Røde Kors sin koordinator for frivillige på Askøy. Inger Karin Jakobsen, Gro Ekeland og Edel Sæhle sørgjer for at ungdomen får mat og omsorg.

Dag Rune Strand er Røde Kors sin koordinator for dei frivillige. Utanom jobben som assistentlærar skal han også bistå damene som sørgjer for frukost og lunsj til sommarskuleelvane.

Det intensive kurset går frå 9 til 14.30 kvar dag. Då kan det vera greit med matpausar innimellom.

– Dei studerer best med mat i magen, men det sosiale er også ein viktig del av kurset, seier Strand.

Tjuvstart på pedagogikken
Til vanleg studerer Kim-Erling Bolstad Larsen matematikk på Universitetet i Bergen. I sommar har han sett av to veker til å jobba frivillig som assistentlærar på oppdrag frå den lokale Røde Kors-organisasjonen.

– Dette vert ein tjuvstart på pedagogikken, smilar den framtidige mattelæraren.

Han finn det motiverande å hjelpa ungdommane til ta att det forsømte på to veker, slik at dei slepp å venta eit heilt år før dei kan ta eksamen.

Berre ti dagar!
– Ferie? Kurset er då berre ti dagar! Då er det lett å gje full gass. Det er verre å halda interessa på topp gjennom eit heilt år, seier Elin Fadnes når Tunnelsyn spør om ho ikkje er litt lei seg over å gå glipp av ferien.

Norsk
Denne sommaren tilbyr Hordaland fylkeskommune sommarskule også for minoritetsspråklege som treng læra norsk. Nytt av året er dessutan eit intensivkurs i matematikk retta mot fengselsundervisninga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s