Gjestekommentar: Kommunereforma – elefanten i rommet

I ei rekkje kommunar landet rundt er folket invitert til å ta stilling til meir og mindre gjennomarbeidde samanslåingsprosjekt. Der veljarane har fått uttale seg i folkerøystingar, er dommen for det meste negativ. Det er kanskje ikkje så rart.

Av Harald Baldersheim, Professor emeritus, Universitetet i Oslo

(Denne kommentaren stod først publisert i Dagens Næringsliv 21. juni 2016)

Felles for desse prosjekta er at dei er tause om elefanten i rommet: Fylkeskommunen. I utgreiingar og underlagsdokument for nye storkommunar er det som om fylkeskommunen ikkje finst, trass i at Stortinget faktisk har vedtatt at vi også i framtida skal ha eit regionalt nivå med vekt på regional planlegging og samfunnsutvikling, noko som også tradisjonelt har vore ei sentral oppgåve for fylkeskommunane.

Når det gjeld tenester og administrasjon, viser grunnlagsanalysane at det ofte ikkje er så store gevinstar å hente på kommunesamanslåing.

I intensjonsavtalane og visjonane for dei nye kommunekonstruksjonane er det difor særleg samfunnsutviklarrolla som blir framheva som grunngiving for storkommunar som skal løyse utfordringar på tvers av gjeldande kommunegrenser, slik som koordinering av utbyggingsmønster, transport og trafikk, tiltak for næringsutvikling m.v.

 

Men slik planlegging og samordning er alt ivaretatt gjennom regionale utviklingsplanar som dei fleste fylkeskommunar har laga med medvirkning av kommunane i distrikta. Paradokset blir ikkje mindre av at sjølv dei største konstruksjonane ofte vil vere for små til å løyse mange oppgåver og problem som går på tvers av kommunegrensene i eit distrikt.

Den foreslåtte Follo-kommunen er ein god illustrasjon. I dette prosjektet er det foreslått at Frogn, Oppegård, Ski, Ås og Enebakk skal bli ein kommune. I «Follorapporten» blir det hevda at tema som «arbeidsmarked, mobilitet, by-, tettsteds- og næringsutvikling», utbyggingsmønster og infrastruktur» og «rekreasjon, idrettsanlegg, grøntområder og miljø» vil kunne handterast betre gjennom ein ny storkommune på vel 100.000 innbyggjarar.

Ei sak er at det knapt blir nemnt at desse problemstillingane er sterkt prega av at distriktet er del av eit større hovudstadsområde i vekst og må løysast med grep langt ut over sjølv den nye storkommunen. Men det verkelg pussige er at rapporten i same åndedrag også omtalar Regional plan for areal og transport i Oslo og Akershus (vedtatt desember 2015) som faktisk tar tak i mange av desse spørsmål og gir løysingar på dei. Her har altså fylkeskommunane Akershus og Oslo gjort den jobben som i følgje Follorapporten skal motivere ein ny storkommune!

Tilsvarande blindsoner pregar grunnlagsdokument og analysar for nye storkommunar i andre delar av landet. Kan vi her finne noko av forklaringa på at folket har stilt seg skeptisk til mange av samanslåingsprosjekta? Kommunereforma blir eit haltande prosjekt utan ei avklaring av arbeids- og rolledeling mellom kommunane og fylkeskommunane, evt. nye storregionar.

Å be veljarane ta stilling til luftige kommunekonstruksjonar utan ei slik avklaring er å be dei med på båttur i ein halvbygd båt. Ikkje rart dei vik tilbake for ein slik invitasjon.

I neste omgang skal fylkesmennene ta reformprosjektet vidare. Det er vanskeleg å skjøne korleis fylkesmennene i sin tur skal kunne lage eit fornuftig kommunekart for sine respektive fylke utan å ha ein klar ide om arbeidsoppgåvene til fylkeskommunane. Trengst det ikkje ein tenkjepause i reformprosessen?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s