Helgeturen: Smalanese og Havmannen

Same kvar du går på Algrøyna – havet buldrar like i nærleiken. Rundløypa til Smalaneset og Havmannen går på den nordlegaste delen av øya, med berre nokre holmar mellom deg og Nordsjøen.

Sjølv på rolege dagar bles det så ein nesten må leggja seg på vinden.
Sjølv på rolege dagar bles det så ein nesten må leggja seg på vinden. Store felt med myrull pregar landskapet no på forsommaren.

Kystlandskapet på Sotra er forma av havet gjennom 100.000 vis av år. Ytst på Algrøyna kan du oppleva havet sine veldig krefter på nært hald. Innimellom bergrabbane beitar villsauen på frodige grøne myrar.

Gul løype

Smalaneset er vestlegaste punktet på rundløypa.
Smalaneset er vestlegaste punktet på rundløypa.

Det aktive bygdalaget på Algrøyna har lagt stor innsats ned i å merkja og skilta dei mest nytta turstiane på øya. Turen til Smalaneset er gul løype og lett å gå.

Parker ved det tidlegare skulehuset og følg vegen vidare. Ta til venstre forbi bedehuset. Der du får første glimten av Kongsvikja, ligg det ei gammal løa. Her byrjar stien. No skal du ha sjøen på venstre hand utover. Stien går eit stykke oppe i lia. Første delen går gjennom eit hyttefelt, og er ikkje alltid like einkel å få auga på.

Smalanese

Havmannen har mista hovudet og høgre armen. Klokkekjedet har han fått behalda.
Havmannen kan du møte like nord for Smalaneset. Han har mista hovudet og høgre armen, men klokkekjedet har han fått behalda.

Vel forbi hyttefeltet ventar eit flatt og karrig landskap. No vert stien tydelegare, og merkinga betre. Smalanese er vestlegaste punktet på turen.

For ikkje-strilar som måtte lura på kva ordet «smalaneset» betyr, så har det ingenting med forma på neset å gjera. «Smale» er det gamle ordet for sau. Her er det mange smalar opp gjennom hundreårar som har beita og gjort seg feite før dei enda i kjøtgryta…

Denne nedfalne skjenefloren vitnar om at tidlegare generasjonar strilar utnytta alle grasflekkar.
Den nedfalne skjenefloren vitnar om at tidlegare generasjonar strilar utnytta alle grasflekkar.

Ikkje lenge etter kan du helsa på Havmannen. Den velvaksne mannsfiguren har teke pause på eit svaberg. Han har mista hovudet og høgre armen, klokkekjeden har han likevel fått behalda. Om Havmannen har fiendar som har kappa av han hovudet, eller om det er ein brottsjø ei stormfylt natt som har skulda, er ikkje einkelt å avgjera.

Orkide

Kan forekomsten av marihand på Algrøyna vera den vestlegaste forekomsten av orkideé i Norge?
Kan forekomsten av marihand på Algrøyna vera den vestlegaste forekomsten av orkideé i Norge?

Under heile den kring to timar lange rundturen vekslar snaufjell med brakje og myrullkledde myrar. Innimellom stikk ei lita raudlilla marihand opp av det grøne. Marihand er den mest vanlege orkidefamilien i Norge, og ulike artar og hybridar kan beundrast frå strandsona til langt over tregrensa. Dei du ser på Algrøyna må vera ei av dei vestlegaste i Norge.

Turen er over. I Vikja er det lite som vitnar om storhavet like utanfor.
Turen er over. I Vikja er det lite som vitnar om storhavet like utanfor.

Gav turen til Algrøyna meirsmak? Neste gang kan du ta turen til Krabbakjeila.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.