Hagens Dronning viste seg fram

Dei som tok turen til Rosariet på Milde på Rosens Dag, fekk sjå det dei kom for.

Rosegartnar Daniel Ducroq er ein kunnskapsrik og populær omvisar.
Rosegartnar Daniel Ducrocq er ein kunnskapsrik og populær omvisar. Her er det den historiske Sancta-rosa øverst i villrosebakken som vert beundra.

For andre året på rad arrangerte Norsk Roseforening Hordaland Rosedag i Arboretet på Milde.

Men med sjølvaste Dronning Sonja i byd’n, kom Hagens Dronning litt i skuggen… Etter ein litt grå start på dagen gjekk det opp for vergudane at Milde var rette staden å senda litt solskin denne laurdagen, og då kom roseentusiastane også.

Emilie er noko så sjeldent som ei norsk klatrerose.
Emilie er noko så sjeldent som ei norsk klatrerose, dyrka fram av L. Mellbye i 1963. Blankt grønt bladverk. Denne kunne vi gjerne fått kjøpa på lokale hagesentre.

Dei som tok turen til Rosariet på Milde i dag fekk sjå det dei kom for. Hundrevis av fargesprakande, velduftande villroser og historiske roser har i år fått ein tidleg start på sesongen. Sjølv dei moderne rosene har byrja springa ut.

Dei tilreisande til Nordisk Rosehelg skal vita at vi er klare…

El Areana har ein heilt spesiell historie.
El Areana er ei sjeldant vakker rose med ein heilt spesiell historie.

Rosegatnar Daniel Ducrocq er ein kunnskapsrik og populær omvisar i rosehagen.

Eindel av dei besøkjande nytta også anledninga til å rusla rundt på eiga hand. Usedvanleg god skilting gjer det einkelt å orientera seg.

Eva Dyvik, leiar i Norsk Roseforening Hordaland var godt nøgd etter ein travel dag.
Eva Dyvik, leiar i Norsk Roseforening Hordaland, fekk omsetnad på sortlister, rosebøker og rosebuskar. Ho var godt nøgd etter ein travel dag.

Eindel såg også sitt snitt til å kjøpa med seg frå det kresne utvalet av roser som BoGrønt Fyllingsdalen hadde for sal.

Moyesii finst i mange variantar. Denne heiter Geranium.
Moyesii finst i mange variantar. I Rosariet på Milde finn du fleire. Denne heiter Geranium.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s