Planlegg byggjestart for «Skamma i Straumsundet»

For å spre risikoen i samband med bygginga av det kontroversielle bustadprosjektet Straume Sjøfront har Veidekke Eiendom henta inn Stangelandgruppen og Trend Eiendom.

Fyllinga har redusert det før så idylliske sundet til ein kanal med stri straum. Det sørvestlege hjørna byr på særlege utfordringar for båtførarane.
Fyllinga har redusert det før så idylliske sundet til ein kanal med stri straum. Å passera det sørvestlege hjørna byr på særlege utfordringar for båtførarane.

Totalentreprisen på bustadprosjektet i Straumsundet har Veidekke Eiendom tildelt søsterselskapet Veidekke Entrepenør. Samla byggekostnadar vert stipulert til 145 millionar kroner, ifølgje ei børsmelding frå Veidekke ASA.

Planlagt byggjestart vert over ferien.

Uvisst
Trass i at reguleringsplanen for lengst er vedteken, har byggherrane framleis ikkje bestemt seg for kor mange bustadar dei ønskjer å pressa inn i prosjektet. Anslaga varierer frå 250 til 300.

Kontroversielt
Prosjektet vart tvinga gjennom trass i heftige protestar frå dei mange båteigarane i indre Fjell.

Les: Samlar kreftene i Straumsundet

Protestane skuldast at bustadprosjektet vert bygd på ei steinfylling av massen som vart til overs etter utsprenginga av garasjeanlegget til Sartor Storsenter. Meir enn 25.000 lastebillass med stein vart fyllt ut i det før så idylliske sundet.

Les: Fryktar første ulukka

Fyllinga har gjort det utrygt for båtfarande å ferdast i Straumsundet. Redusert sikt, forverra straumtilhøve og smalare og grunnare farlei gjer at mange no kvir seg for å ferdast der etter at fyllinga kom. Særleg utforminga av det sørvestlege hjørna har vekt uro hos båteigarane.

Smal, smalare, smalast
For ytterlegare å forverra tryggleiken i det sterkt innsnevra sundet, har utbyggjar også fått pressa gjennom at det skal byggjast ei båthavn utanfor kaikanten.

Les: Underskriftsaksjon mot båthavn i Straumsundet

Subsidiert av kommunen
Prosjektet er sterkt subsidiert av Fjell kommune. Kommunen har tillate utbyggjar å omgå rekkjefølgebestemmelsane i reguleringsplanen om å laga fortau langs Bildøyvegen til Straume sentrum og å utbetra Gamle Straumsbru over til skulesenteret på Bildøy. Kommunen har i staden akseptert ein utbyggingsavtale som fordoblar trafikken på lokalvegen, utan å ivareta tryggleiken til gåande og syklande.

Les: Fjell subsidierer børsnotert utbyggingsgigant

Skamma
Oss i mellom snakkar innbyggjarane på Straume om «Skamma i Straumsundet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s