Fylkesmannen finansierer kompetanseløft

Alle kommunane i region vest får støtte hos fylkesmannen i Hordaland til kompetansehevande tiltak og innovasjon.

Det trengst både auka kompetanse og innovasjon, skal kommunane kunne møta framtidige utfordringar innan helse- og omsorgssektoren.

Askøy
Av kommunane i region vest er det Askøy som stikk av med største potten. Av totalt 1,83 millionar kroner skal 883.000 kroner gå til kompetanseheving. Kommunen har også fått tildelt 620.000 kroner til innovasjon og 330.000 kroner til brukarstyrt personleg assistanse.

Fjell
Fjell får 1,64 millionar kroner for 2016. 890.000 kroner er øyremerka kompetansehevande tiltak, og 750.000 skal nyttast til innovasjon.

Brukarstyrt personleg assistanse er ei relativt ny ordning som til no har vore lite nytta, mellom anna i Fjell. Kommunen får no overført 280.000 kroner øyremerka tiltaket frå fjoråret.

Øverføring frå fjoråret
Av dei 173.000 kroner som går til Sund, skal 153.000 gå til kompetanseløft. 20.000 kroner øyremerkja brukarstyrt personleg assistanse vert overført frå fjoråret.

Øygarden får 100.000 kroner til å auka kompetansen hos dei tilsette.

Stor interesse
Interessa for denne typen tiltak er stor i Hordalandskommunane. Samtlege kommunar unnateke Eidfjord hadde lagt inn søknad då freisten gjekk ut. Samla søknadssum var 73,1 millionar.

Velferdsteknologi
Verd å merkja seg er det kanhende at ingen av kommunane i regionen får tildelt midlar til veldferdsteknologi. Totalt 3,2 millionar kroner var øyremerkja ny teknologi i helse- og omsorgssektoren.

Søkte om det doble
Interessa var langt større enn dei midlane som stod til disposisjon. Etter å ha overteke ansvaret for eindel ordningar som Helsedirektoratet tidlegare har administrert, kan fylkesmannen i Hordaland i år dela ut totalt 34,5 millionar kroner til kommunane til kompetanseheving og innovasjon i helse- og omsorgssektoren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s