Kvar tiande Sotrastril er fødd i utlandet

Sotrakommunane var å oppfatta som det nye Amerika for europeiske arbeidssøkjarar i første halvdel av dette tiåret.

2013 var eit toppår for innvandring til Hordaland. Storparten kom for å arbeida.
2013 var eit toppår for innvandring til Hordaland. Storparten kom for å arbeida.

Eit stort behov for sterke og flittige nevar i offshoreindustrien gjorde at folkeveksten for alvor byrja skyta i veret i 2005. Storparten av tilflyttarane kom frå andre europeiske land, viser Hordaland i tal.

Flest polakkar
2013 var eit toppår for innvandring til fylket. Seinare har straumen av innvandrarar gradvis avteke.

Største gruppa av dei som har søkt arbeid og lukke i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er polakkar. Ved årsskiftet budde det 1.393 personar med polsk statsborgaskap i dei fire kommunane i region vest. Berre i Sund er det eit lite fleirtal av innvandrarar som er fødde i Litauen. Litauen er nest største innvandrargruppa i regionen, med 731 personar.

Eritrea
I Øygarden er dei meir langreiste. Her utgjer flyktningar frå Eritrea nest største gruppa av innbyggjarar med framandt pass. Med berre 68 personar utgjer likevel eritrearane ei lita gruppe samanlikna med dei europeiske arbeidsinnvandrarane.

Høgast innvandring
Flest innbyggjarar med innvandrarbakgrunn finn vi i Sund. Heile 12,2 prosent av sundsokningane er fødd utanfor Norges grenser, ifølgje KOSTRA-tala.

Både i Fjell og Øygarden er andelen av utanlandsk fødde 10,7 prosent. Lågast er talet på innvandrarar i Askøy, med berre 9,1 prosent.

Heimeproduksjon
Askøy var den kommunen i regionen der talet på nyfødde utgjorde høgaste andelen av folkeveksten, heile 47,5 prosent.

Verd å merkja seg, kan hende, er at talet på innvandrarar i Sund i fjor var dobbelt så høgt som talet på nyfødde. Reknar vi med talet på tilflyttarar frå andre kommunar, var berre ein av fem nye sundsokningar i fjor heimeavla.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s