Oppsagte offshorearbeidarar finn ny jobb i andre næringar

Offshorearbeidarar som mista jobben i petroleumsnæringa og som har vore utan arbeid i eit halvt år, finn seg nye jobbar, hovudsakleg i andre tekniske næringar.

Oppsagte frå offshorenæringa får no brukt kompetansen sin i landbasert industri. Foto: Norsk Olje og Gass.
Oppsagte frå offshorenæringa får no brukt kompetansen sin i landbasert industri. Illustrasjonsfoto: Norsk Olje og Gass.

42 prosent av dei som mista jobben i petroleumsnæringa i første halvår i fjor, og som var utan arbeid i siste halvdel av året, har funne seg nytt arbeid i andre næringar. Dei fleste jobbar innan industrien, viser ei fersk undersøking frå SSB.

Langtidsledige
Undersøkinga omfattar 5.278 langtidsledige. Offhorearbeidarar som mista jobben og som gjekk over i ny jobb i petroleumsnæringa realtivt kort tid etterpå, er ikkje med i undersøkinga, seier forskar Helge Næsheim i SSB til Tunnelsyn.no.

17 prosent av dei langtidsledige var framleis arbeidssøkjarar, eller på tiltak, då undersøkinga vart gjennomført. Så mange som 13 prosent har truleg valt å forlata Norge.

Tekniske næringar
Av dei 42 prosenta som hadde fått ny jobb, hadde den største andelen – 15 prosent – fått ny jobb i industri. 11 prosent hadde fått jobb som tekniske konsulentar, og like mange innan bygg og anlegg. Ti prosent jobbar for vikarbyrå.

Berre åtte prosent hadde funne seg ny jobb i petroleumsnæringa.

Variert bakgrunn
Dei tilsette i offshorebransjen omfattar ikkje berre ingeniørar og tekniske fagarbeidarar, men også administrasjon og andre støttetenester. Den yrkesfaglege variasjonen vert reflektert også i nye yrkesval: Åtte prosent har funne seg nye jobbar innan varehandel. Fire prosent har gått over til helse- og omsorgstenestene, og like mange er no sysselsette innan undervisning, ifølgje SSB.

Uviss skjebne
Skjebnen til heile 29 prosent av dei oppsagte er uviss. Nokon kan ha starta eiga verksemd, andre kan ha teke sluttpakke og er under utdanning. Eindel av dei eldste kan ha gått av med AFP eller pensjon, antydar undersøkinga.

Den nye A-ordninga gjev detaljert informasjon om dei einskilde på månadsbasis. Undersøkinga vil verta følgt opp av ein ny og meir detaljert rapport til hausten, lovar Næsheim.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s