Offentlege prestisjeprosjekt i kø for Atle Ulveseth

Entrepenøren og eigedomsinvestoren Atle Ulveseth merkar lite til dei dårlege tidene. I fjor auka omsetnaden med 158 millionar kroner. No har han inngått avtale om prestisjeprosjektet Hjeltefjorden Arena.

Golden handshake. I går underteikna Atle Ulveseth og ordførar Børge Haugetun i Øygarden avtalen om første byggjesteg på Hjeltefjorden Arena. Foto: Ingunn Teigen/Øygarden Kommune.
Golden handshake. I går underteikna Atle Ulveseth og ordførar Børge Haugetun i Øygarden avtalen om første byggjesteg på Hjeltefjorden Arena. Foto: Ingunn Teigen/Øygarden Kommune.

Hjeltefjorden Arena vert Øygardsstrilane si nye storstove. Entrepenørselskapet Brødrene Ulveseth AS vann totalentreprisen med forslaget ”Langs ryggen”, i konkurranse med fire andre aktuelle utbyggjarar.

Første byggjesteget omfattar ein fleirbrukshall med tilhørande foaje og garderobeanlegg, og får ei golvflate på 3.200 kvadratmeter fordelt på to etasjar.

Vann på pris
”Langs ryggen”, som er utarbeida av Origo Arkitekter AS, var det mest kontroversielle forslaget i konkurransen, men drog sigeren i land på lågast pris. Medrekna utomhusanlegga er første byggjesteget kostnadsrekna til 80 millionar kroner.

Entrepenør- og eigedomskonsern
Fjellsokningen Atle Ulveseth (65) er dagleg leiar og styreleiar i entrepenør- og eigedomskonsernet der Brødrene Ulveseth AS dannar hjørnesteinen. Saman med kona Evy og døtrene Anne Irene og Inger Kristin kontrollerer han også storparten av aksjane.

Dobla resultatet
Entrepenørverksemda merka lite til dei dårlege tidene som ramma resten av Bergensområdet i fjor. Familiekonsernet auka inntektene med heile 35 prosent, eller 158 millionar kroner i 2015. Den samla omsetninga enda på 597,6 millionar kroner.

Også resultatet gjekk rett veg: Før skatt satt Ulveseth-familien att med 42,1 millionar. Ei dobling samanlikna med året før.

Utbytte vart det også råd til, 10 millionar kroner.

Aktiv 65-åring
Ei forsiktig verdsetjing av anleggsmidlane i konsernet bidreg til at eigenkapitalen berre utgjer 111 millionar kroner. Gjelda er på 178 millionar.

Den aktive 65-åringen har til saman 28 offentlege roller, 9 som dagleg leiar og 14 som styreleiar i ulike verksemder.

Prestisjeprosjekt i kø
Dei komande åra ser ut til å verta minst like bra for entrepenøren og eigedomsutviklaren som framleis bur på familiegraden på Ulveseth. Hjeltefjorden Arena er andre offentlege prestisjeprosjektet Brødrene Ulveseth AS har landa i kommunane vestom Sotrabrua, berre i juni månad dette året.

1. juni kunne dagleg leiar og styreleiar Atle Ulveseth underteikna avtalen om å bygga det nye lokalmedisinske senteret på Straume. Ein avtale til ein verdi på 155 millionar kroner.

Folkevald
Atle Ulveseth var i mange år folkevald for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Fjell.

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s