50 fleire ledige i juni

Talet på heilt ledige i Fjell, Øygarden og Askøy auka i juni samanlikna med månaden før. Berre i Sund gjekk utviklinga riktig veg.

NAV logoNAV varslar at talet på ledige på landsbasis no er lågare enn for eit år sidan. Ser vi på utviklinga månad for månad, teiknar det seg eit litt anna bilete.

50 fleire
Samanlikna med situasjonen ved utgangen av mai, er det ved inngangen til sommarmånaden 50 fleire innbyggjarar i regionen som verken har arbeid å gå til eller som deltek på ulike tiltak.

Det er no totalt 1.344 heilt ledige i regionen. Flest ledige finn vi i Fjell – heile 608 – det er 22 fleire enn for ein månad sidan.

Størst auke i Askøy
Største auken i ledigheten har skjedd i Askøy. Her har talet på ledige auka frå 453 til 478 personar.

Med ei arbeidsløyse på 3,2 prosent har kommunen framleis lågast arbeidsløysa sett i forhald til folketalet.

Betring i Sund
Høgast arbeidsløyse i forhald til folketalet finn vi framleis i Øygarden. 111 ledige tilseier at 4,6 prosent av innbyggjarane står utan arbeid.

I Sund var det ved utgangen av juni fire færre ledige enn for ein månad sidan.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.