Havforskarane fryktar sur lekse for fiskeri og oppdrett

Havet tek opp CO2 i alarmerande tempo. Havforskarane fryktar fiskeri- og oppdrettsnæringane langs Vestlandskysten er i ferd med å læra ei sur lekse. Kan hende bør vi heller satsa på dyrking av tang og tare?

Fiskefartøy på Liaskjæret
Kalkalgar er ein viktig del av menyen for mange av dei fiskeslaga vestlandsfiskarar som Lie Gruppen AS og fiskebåtreiaren på Liaskjæret lever av.

Dei store aktørane innan fiskeri og havbruk i Sotra, Øygarden og Askøy ser for seg store vekstpotensiale i dei heimlege sjøområda.

– Forsuring av havområda som følgje av C02-utslepp, kan koma til å påverka vilkåra for fiskeri og havbruk på lang sikt, åtvarar havforskar Are Olsen ved Bjerknessenteret for Klimaforskning. Han er uroa over at konsekvensane for havområda av dei store utsleppa av klimagassen er så lite kjend.

Havforskar Are Olsen ved Bjerknessenteret for Klimaforskning er bekymra for kva konsekvensar forsuringa av havområde kan få for den norske fiskeri- og oppdrettsnæringa.
Havforskar Are Olsen ved Bjerknessenteret for Klimaforskning er bekymra for kva konsekvensar forsuringa av havområde kan få for den norske fiskeri- og oppdrettsnæringa.

CO2-lager i havet
Havet fungerer som eit enormt CO2-lager. Kjemien er klar, havet tek opp CO2 frå lufta. Kring 30 prosent av all CO2 vi slepp ut, vert lagra i havet, seier Olsen.

Havet er i utgangspunktet svakt basisk. Sidan den industrielle revolusjonen starta kring år 1800, har middelverdien for pH-en i dei øvste 500 metrane av havoverflata sunke frå 8,1 til 8,0.

Med dagens CO2-utslepp ventar forskarane at pH-en vil minka ytterlegare, til 7,7 innan år 2100.

Store konsekvensar
– Det kan kanskje hørast lite ut, men pH-verdiar vert målte etter ein logaritmisk skala. I skjærgården langs vestlandskysten kan sjølv små endringar få store konsekvensar over tid, åtvarar havforskaren.

Samspelet i økosystema i havet er komplekst, og ein kjenner langt frå alle detaljane. Kortvarige forskingsprosjekt har vist at det er grunn til uro.

Fisken mistar næringsgrunnlaget
Det ein veit, er at kalkalgar utgjer ein viktig del av menyen for mange av dei fiskeslaga som vestlandsfiskarane lever av. På same måte som korallar, som også har eit kalkhaldig skjelett, vil kalkalgane vera svært kjenslevare for små endringar i surhet i havmiljøet.

– Studier viser at det kalkhaldige skalet til korallar og eindel andre organismar vil kollapsa ved ein ph på 7,7. Korvidt sjølve organismen vil overleva, er usikkert, seier Olsen.

Forsvinn kalkalgane, risikerer fiskerinæringa ein svikt i fisket fordi fisken har mista næringsgrunnlaget.

Yngelproduksjon
Oppdrettsnæringa regulerer sjølv forsamansetninga til fisken i merdene, og er dermed ikkje eksponert for svikt i tilgangen på kalkalgar på same måte som fiskeria.

Det oppdrettarar bør vera merksame på, er yngelproduksjonen, seier Olsen.

– Mange oppdrettarar nyttar sjøvatn i klekkjekara, og yngelen kan vera kjenslevar for små skilnadar i surhet i vatnet, spekulerer Olsen.

Endrar oppførsel
Einskilde fiskeslag kan endra oppførsel når havet vert surare. Uer, til dømes, søkjer dekning på mørke stadar og lar vera å leita etter mat, viser forsøk frå Stillehavet, fortel Olsen.

Naturlege variasjonar

MS Trans Carrier har sidan 2005 jevnleg målt variasjonane i ph-verdi frå Krossfjorden gjennom Langenuen til utløpet av Hardangerfjorden. Foto: Øyvind Bie/Marinetraffic.com
MS Trans Carrier har sidan 2005 jevnleg målt variasjonane i ph-verdi frå Krossfjorden gjennom Langenuen til utløpet av Hardangerfjorden. Foto: Øyvind Bie/Marinetraffic.com

Trenden i retning av eit surare hav er tydeleg, men naturlege variasjonar med årstida og frå ein stad til ein annan kompliserer biletet. Ei fersk studie frå Raunefjorden og sørover gjennom Langenuen* som snart vert offentleggjort i det vitskaplege tidsskriftet ”Ocean Science” antydar noko om dei årlege variasjonane, fortel Olsen.

Variasjonar i sjøvatnet sin pH-verdi sørover frå Krossfjorden til Langenuen (venstre akse) og gjennom året. Figuren er lånt får Studiet Omar m.fl. (2016) som snart vert publisert i "Ocean Science".
Variasjonar i sjøvatnet sin pH-verdi i fjorden frå Krossfjorden sørover til Langenuen (venstre akse) og gjennom året. Figuren er lånt frå Studiet Omar m.fl. (2016) som snart vert publisert i «Ocean Science».

Fotosyntesen
Dei årlege variasjonane i surhet skuldast mellom anna planteplankton, som er ei anna viktig næringskjelde for fisk.

Sollyset i sommarhalvåret stimulerer veksten av planteplankton. I fotosyntesen absorberer planteplanktonet CO2. Tilgang på meir CO2 i havet vil aksellerera veksten, slik at vatnet vert mindre surt i den lyse årstida.

I eit slikt perspektiv kan dyrking av tang og tare fortona seg som eit smartare trekk for den marine nærings langs Vestlandskysten.

Komplekst økosystem
Havforsuringa skjer parallelt med ein temperaturauke som fører til at mange av dei viktigast fiskeslaga våre no trekkjer nordover.

Bølgjene går for tida heftig i havforskarmiljøa om kva konsekvensar forsuringa av havet kan få. Det at havforskarane manglar studium som kan fortelja noko om økosystemet si tilpassingsevne over lang tid gjev grunn til usikkerhet, fortel Olsen.

Ingen dommedagsprofet
Sjølv har Olsen ikkje noko ønskje om å framstå som nokon dommedagsprofet.

– Kan hende kan andre typar organismar over tid erstatta dei som vert tapt, spør havforskaren.

Fangst og lagring av CO2
Det finst berre ein medisin mot usikkerheten: Vi må satsa på reduksjon av CO2-utsleppa, understrekar havforskar Are Olsen ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

* Omar, A. M., Skjelvan, I., Erga, S. R., and Olsen, A.: Aragonite saturation states and pH in western Norway fjords: seasonal cycles and controlling factors, 2005–2009, Ocean Sci., (in press), 2016.

5 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s